INFO.BREV 3/09
17.febr. hadde Voss Venstre årsmøte. Dei vanlege årsmøtesakene gjekk greitt unna. Årsmeldinga inneheldt også eit fyldig avsnitt om arbeidet i kommunestyre og utval i 08. (Ta kontakt om du ønskjer ein kopi tilsendt!) Økonomien er nokolunde bra.
Kristian Østrem fekk gode ord og blomster då han no gjekk av etter mange år som leiar Kristian var som kjent også medlem av kommunestyret og gruppeleiar der 95-07. Ny leiar er Knut Olav Nestås, som med sine 22 år vel er den yngste så langt bakover ein kan minnast? Elles held Anne Jorunn Ryum Møen, Geir Inge Kvitne og Kjell Stavenes fram i styret og Torstein Gunnarson kom inn (etter å ha møtt siste året som gruppeleiar i kommunestyret). Jostein Vandaskog blei ny på varalista, i tillegg til Annlaug Helland og Kai Hysing.
Men hovudsaka på årsmøtet var likevel orientering med tilhøyrande frisk debatt om aktuelle V-politiske saker ved Lars Henrik Paaarup Michelsen! Han blei på nominasjonsmøtet i Hordaland Venstre med stort fleirtal sett opp på 2.plass på V-lista ved Stortingsvalet til hausten, etter Lars Sponheim. Om dagen besøkte han Destinasjon Voss og Voss sjukeheim. Lars-Henrik kjem frå Austevoll, men er no student i Bergen. Stort og godt oppslag i "Hordaland"!
Torstein Gunnarson, Anne Jorunn Ryum Møen og Knut Olav Nestås representerte Voss på nominasjonsmøtet og årsmøtet i Hordaland Venstre 5.-7.febr. på Stord. Også om 3.plassen på lista var det kampvotering. Her vann Gunn Vivian Eide frå Bergen. Elles var det stort oppmøte, mange, lange og gode diskusjonar særleg om framlegget til Stortingsvalprogram og om resolusjonar. Voss hadde sendt inn framlegg om to; om frivillig arbeid og om Vossolaksen. Den første blei vedtatt med små endringar, den andre var trass fleire støtteerklæringar mellom dei som blei oversendt fylkesstyret for oppfølgjing ved høve.
I kommunestyremøtet 19.febr..blei vidare vurdering av skulestrukturen i Voss "lagt død" inntil vidare. V stemte for eit KRF-framlegg om arbeida vidare med barneskulane i sentrum.
I saka om nye vedtekter for dei kommunale barnehagane fall eit framlegg frå Venstre som ville forsterka retten til foreldra til barn med funkjonshemmingar til å velja barnehage. Opplegget var at desse barna til vanleg skal vera i den nye barnehagen på Tvildemoen (som skal bli spesielt tilpassa).
Den nye "Energi- og klimaplanen for Voss kommune" blei vedtatt etter relativt lang debatt. Men då planen er relativt generell med fleire gode målsetjingar enn konkrete tiltak, hadde Venstre fleire framlegg for oppfølging; m.a. sjekklister for administrasjon og innbyggjarar og oversiktsliste til bruk for næringslivet. Men dei fekk ikkje fleirtal! Sjå også Knut Olav Nestås sitt lesarinnlegg i "Hordaland" for 7.mars!
Elles vedtok KST m.a. fordeling av ekstra statlege midlar til kommunale bygg, vedlikehald m.v. for å skapa auka sysselsetjing. I saka om retningsliner for eigarstyring av kommunen sine verksemder fall eit fellesframlegg frå V og H som m.a. skulle sikra oppfølgjinga.
Venstre, ved Torstein Gunnarson, hadde ein interpellasjon om ikkje noverande reglement for "førspurnader " i kommunestyret (og utval) burde delast i eitt for "spørsmål" og eitt for interpellasjonar". Under interpellasjonar skal det då vera høve til meir generell debatt. – dette for å gjera kommunestyre og utval til meir aktive "politiske verkstader" Ordføraren føreslo interpelleasjonen oversendt til utvalsleiarane, i samband med deira drøfting av fordeling av saker mellom dei ulike utvala. Underteikna sa seg tilfreds med dette.
Og – jamvel om vi går over til mars månad – så må vi nemna at at Utval for miljø og kultur i i møtet 5.mars med leiaren si dobbelstemme (frå SV!) avviste eit framlegg frå Venstres Anne Jorunn Ryum Møen om at kommunen skulle søkja om å få bli forsøkskommune for spegelvending av ordninga for uadressert reklame.
Næramre informasjon? Kontakt ein av oss:
Torstein Gunnarson (gruppeleiar) Knut Olav Nestås (lagsleiar)