Voss Venstre satsar!

Styret og årsmøtet er einige. Voss Venstre skal «pusse» profilen knytt til områda kultur, klima og næring i 2009!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Voss Venstre har fått omtale for fleire saker i 2008. Mellom anna sa me nei til å nytte tunshovden som gravplass, kutte i skule/pedagogisk sektor og til å rive «Enkjeheimen». Me fronta mellom anna bygging av kulturhus, oppretting av eit kulturråd, kulturplan, estetisk utforming av dominerande bygg(Kiwi Palmafossen og Coop Extra i Skulestadmo), bygging av omsorgsbustadar på Udlabutomta og omvending av dagens reservasjonsordning mot uadressert reklame(frå «Nei-takk til «Ja-takk»).

I 2009 skal me «pusse» profilen vår vidare. Me fokuserte mykje på kulturpolitikk i 2008, men gjennom fleire år er kultur blitt underprioritert i Voss Kommune. Voss Venstre følar det derfor er riktig å fortsette å fokusere på kulturpolitikk i 2009.

Klima burde vere eit sjølvsagt punkt å fokusere på. Det nyttar ikkje å setje mål for reduksjon av klimagassar nasjonalt, viss me ikkje viser vilje til å gjere noko med dette lokalt! I kommunestyret vedtok me nyleg ein klimaplan. Venstre er uroa over at denne planen ikkje kjem til å bli godt nok kommunisert ut til borgarane i Voss Kommune. For det fyrste bør ein leggje til rette for at administrasjonen og borgarane i Voss Kommune er klar over viktige punkt i klimaplanen. Det betyr at me må kommunisera planen godt nok ut til både tilsette og innbyggarane i kommunen vår. Dette kunne vore gjort med enkle tiltak. Mellom anna gjennom å nytte seg av enkle sjekklister for innbyggarar som skal byggje ut. Her kunne ein presentert små, men viktige poeng i klimaplanen som innbyggarar og tilsette i kommunen må forhalde seg til. I det minste kunne ein vurdert å leggje dette til rette for tilsette. Ein reguleringsplan skal ikkje vedtas utan at den er jamført med klimaplan. Er det mogeleg å leggje til rette for ei enkel sjekkliste med punkter i klimaplanen? Nei, seier SP,SV og AP. Det er ikkje hjelp i å lage ein god plan, viss ikkje innbyggarane er kjente med den!

Å føre ein liberal næringspolitikk er viktig for Venstre. Voss Kommune treng meir nyskaping og fleire arbeidsplassar. Me må auke «gründermentaliteten» i Voss! Vårt fyrste steg er å få ei orientering på status knytt til elevbedrifter i grunnskulen. Dette føreslo me – og vedtok – i utval for nærings- og tiltaksarbeid 03.03. Me ser fram til denne orienteringa og vil jobbe vidare med elevbedrifter i 2009. Venstre vil jobbe med å betre rammevilkåra til gründerane og dei sjølvstendig næringsdrivande i kommunen vår. Voss er den 405 beste(verste) kommunen i landet når det kjem til tenestetilbod(Dagens Næringslivs Kommunekåring, «Bygda er best», 2008), her er det unekteleg eit stort forbetringspotensiale!

Kontakt oss gjerne viss de har innspel på saker de ynskjer me skal ta opp!

Med liberal helsing

Knut Olav R. Nestås
Leiar, Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**