Odd Einar Dørum til Eid 10. mars

Eid Venstre inviterer til ope møte om skulepolitikk på Nordfjordeid 10. mars, med Venstre-topp Odd Einar Dørum som hovudinnleiar. Tema er Kvalitet i skulen: Frå ord til handling!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Eid Venstre er sterkt uroa for dagens utvikling i Eid der kommunestyrefleirtalet år for år kuttar i ressursane til kvalitet og innhald i skulen. Eid Venstre inviterer no alle interesserte til ein temakveld om skulepolitikk i Eid Rådhus 10. mars. Vi håpar alle som er opptatt av ein god skule for borna våre nyttar høvet til å møte opp.

Odd Einar Dørum

Odd Einar Dørum

Stortingsrepresentant Odd Einar Dørum har takka ja til å stille som hovudinnleiar på møtet. Odd Einar Dørum er tidlegare statsråd og partileiar, og er no Venstre sin skulepolitiske talsmann og medlem i Stortingets Utdanningskomité. Dørum har markert seg som ein sterk forkjempar for å setje kvalitet og innhald i skulen i fokus, og å gjenreise respekten for lærarrolla. Dørum er sterkt kritisk til ein skulepolitikk der ein er meir opptatt av å utvide skuledagen og "oppbevare" born i flest mogleg timar enn å fylle timane med skikkeleg innhald og dyktige lærarar.

I panelet på det opne møtet vil også Skulesjef i Eid Harald Sivertsen sitje, samt representantar for lærarane, foreldra og elevane.

Møtet finn stad på Rådhuset på Eid tysdag 10, mars kl. 19-21. Stortingsrepresentant og tidlegare ordførar i Eid, Gunvald Ludvigsen vil leie møtet. Møtet er gratis og ope for alle interesserte.
Vel møtt — spre gjerne invitasjonen til dette viktige møtet vidare!

For meir informasjon:
Erling Engjaberg, leiar i Eid Venstre, tlf 916 17 893. Sjå også heimesidene til Eid Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**