Odd Einar Dørum til Eid 10. mars

Eid Venstre inviterer til ope møte om skulepolitikk på Nordfjordeid 10. mars, med Venstre-topp Odd Einar Dørum som hovudinnleiar: Kvalitet i skulen: Frå ord til handling!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Eid Venstre er sterkt uroa over dagens utvikling i Eid der fleirtalet i kommunepolitikken år for år kuttar i kvaliteten på skulen til borna våre. – Venstre vil ikkje lenger sitje rolig å sjå på denne utviklinga. Vi inviterer no alle interesserte til ein temakveld om skulepolitikk, og håpar dette kan bli startskotet for å gjenreise satsinga på kvalitet og innhald i Eida-skulen, seier leiar i Eid Venstre, Erling Engjaberg.

– Skuledebatten i Eid har dei siste åra i altfor stor grad handla om struktur og budsjettkutt seier Erling Engjaberg. Venstre vil i framtida ha fokus på innhald og kvalitet i skulen,og arbeide for å sikre best mogeleg vilkår for born og unge til læring og meistring.

Odd Einar Dørum

Odd Einar Dørum

Eid Venstre har fått Odd Einar Dørum til å stille som hovudinnleiar på det skulepolitiske møtet 10. mars. Odd Einar Dørum er tidlegere statsråd og partileiar, og er no Venstre sin skulepolitiske talsmann og medlem i Stortingets Utdanningskomité. Dørum har markert seg som ein sterk forkjempar for å setje kvalitet og innhald i skulen i fokus, og å gjenreise respekten for lærarrolla. Dørum er sterkt kritisk til ein skulepolitikk der ein er meir opptatt av å utvide skuledagen og "oppbevare" born i flest mogleg timar enn å fylle timane med skikkeleg innhald og dyktige lærarar.

I panelet på det opne møtet har Eid Venstre også invitert inn Skulesjef i Eid, Harald Sivertsen, og representantar for lærarane, foreldra og elevane. Møtet finn stad på Rådhuset på Eid tysdag 10, mars kl. 19. Stortingsrepresentant og tidlegare ordførar i Eid, Gunvald Ludvigsen vil leie møtet.

For meir informasjon:
Erling Engjaberg, leiar i Eid Venstre, tlf 916 17 893.

Invitasjon

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**