Årsmøte i Telemark Venstre

Det var årsmøte i Telemark Venstre 27. – 28. februar, sjå nærare orientering på fylkessida til Telemark Venstre. Her orienterer me berre om kva som vart vedteke om EU-saka, som er litt spesiell i Venstre, sidan partiet er delt i dette spørsmålet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Me vil nemne særskilt at årsmøtet gjekk inn for at partiet ikkje skal ta endeleg stilling til EU-saka før valet til hausten og at Telemark Venstre vil stri for dette synet på landsmøtet i Stavanger 24. – 26. april. På dette landsmøtet skal dei ta stilling til stortingsprogrammet, der EU-problematikken vil kome opp. Det var semje om at saka ikkje hastar no og at ei må unngå ei kampvotering som kan føre til avskaling og øydeleggje valkampen for partiet til hausten. Eit klårt resultat i ei mogleg folkerøysting, som ein reknar med kan bli halden dersom saka kjem opp att enno ein gong, vil til slutt vere avgjerande for partiet Venstres syn på EU.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**