Turistutbygging og arealbruk

Hyttebygging og annan turistutbygging i snaufjellet, i skoggrensa og i strandsona ved kyst og innlandsvatn var ein praksis som skulle gravleggjast da vi fekk plan- og bygningslova, og seinare Rikspolitiske retningsliner for arealdisponering i desse landskapskategoriane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Praksis har likevel synt at mange dispensasjonar frå lova og ulik tolking av retningslinene har ført til slik utbygging og andre irreversible inngrep i sårbare område i snaufjellet, ved skoggrensa, i fjellskogen og i strandsona. Desse arealkategoriane er viktige ressursareal for fri ferdsel og anna enkelt friluftsliv, og er sårbare område i forhold til negativ estetisk påverknad og andre fysiske inngrep. Mange av desse områda er også verdfulle ut frå andre miljømessige grunnar, mellom anna av biologisk eller annan naturfagleg karakter.

Ut frå ei balansert og fleirsidig vurdering finst det nok av eigna utbyggingsareal for ulike typer turistutbygging, utan at ein treng å kome i konflikt med arealkategoriar som snaufjell og verneskog, god produksjonsskog, vann og vassdrag, verdfull innmark, sermerkt kulturlandskap og strandområde.
Venstre meiner at det for framtida vil vera fornuftig å ha ei meir selektiv og kritisk vurdering av kriteria for val av areal for turistsatsing generelt og hytteutbygging spesielt, og at opninga for dispensasjonar i hovudregelen skal vera trongare.

Det er viktig å få vedtatt den nye biomangfaldslova for å få framtidig arealforvaltning inn i eit betre miljømessig spor.

Årsmøte i Telemark Venstre 28.02.09

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**