Venstre er 125 år

«Aar 1884 den 29 Febr samledes en del Mænd fra Moland og Stokken for at diskutere om Oprettelsen af en Venstreforening. En saadan besluttedes opprettet under Navn af «Østremolands Hereds Venstreforening. Til formand valgtes Ivar Fløistad», kan vi lese i ein handskriven notisbok med tittelen » Forhandlingsbog for Østremoland Venstreforening»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Av Jan Kløvstad

Det nye Venstrelaget vedtok lover, der § 1 lydde: "Foreningens Formaal er paa Grundlag af Forfatningen og Foreningen med Sverige, at arbeide for Folkets lovlige Selvstyre og Deltagelse i Offentlige Anliggende samt om enig og fast Optræden ved Valgene."

Ivar Fløistad

Foto: Stortingsarkivet

40 menn meldte seg inn første kvelden, og medlemslista hadde auka til 95 innan året var omme. På medlemslista finn vi sjølvsagt Ivar Fløistad (1846-1926), som blei første formann i laget, formann i amtsvenstreforeningen, første formann i Aust-Agder ungdomslag, ordførar i Østre Moland (som også omfatta Stokken på den tida) frå 1878, og alt hadde møtt på Stortinget som varamedlem for herefossingen Andreas Holm. Seinare møtte han fast i fleire periodar.

"Denne lille notisboka synes jeg hører hjemme i Ø. Moland", skreiv Bergljot Siring i Lillesand til Austre Moland historielag for eindel år sidan, og sendte boka der oldefar hennes, den nemnte Ivar Fløistad, står for mykje av handskrifta. Bergljot Siring fortel at besteforeldra hennar budde på Kartrø (Karterød) skolehus på 1890-talet, "og bestemor fortalte at når de flyttet til Tveide i 1908 var de hvite, lange dukene gjennomslitt langs bordkantene, for de var brukt på utallige møter i skolehuset."

Alt hausten 1883 var det skipa venstrelag i Landvik, og i løpet av 1884 kom det mange fleire lokale venstrelag. Amtsvenstreforeningen blei danna tidleg i 1884. På det aller første møtet i Austre Moland "valgtes 1. Ivar Fløistad 2. Thomas Osmundsen 3. Gunnar Lillevoie til at representere Venstreforeningen ved et vordende Møde for oprettelse af en Amtsforening."

Dei store sakene i tida

Den vesle Venstreprotokollen i Austre Moland gir nok eit bilde vi kan kjenne igjen frå mange nystarta lokale Venstrelag. 26. september 1885 støtta laget eit forslag Ivar Fløistad hadde reist i odelstinget same året "for at søge Drikkeondet afskaffet". På saklistene står mange av dei viktige sakene nasjonalt og lokalt: Konsulatsak, likeverd i forholdet mellom Sverige og Norge, alminneleg stemmerett for alle som har betalt skatt dei siste 3 år, arbeid for ein enklare og billigare administrasjon (29. desember 1887) med krav om "Inddragning af overflødige embeder som skoledirektør, fogde og en del distriktslægeembeder", "de norske sager underlægges norsk udenrigsstyre", gjennomføring av arbeidarlovgjeving med omfattande reglar om arbeidstid, ulykkes- og alderdomsforsikring, – og stadig vekk stemmerett, unionssaka, utviding av folkestyret.

Det best besøkte møtet som er nemnt i protokollen er "overfyldt hus" på Kartrø skole 29. oktober 1894, da laget hadde besøk av stortingspresident Jørgen Løvland. Det er også notert at Østremolands Venstreforening kjøpte 197 brosjyrar om Udenrigsstyret og 189 brosjyrar om Konsulatsagen til gratis utdeling, i tillegg til at det blei sendt viadre rundt 90 slike brosjyrar til Stokken. Stokken var ein del av Østremolands Venstreforening til 11. januar 1896, da "Der besluttedes at faa oprettet en Venstreforening særskilt for Stokken."

Venstrefrø i folkehøgskolen

Viggo Ullmann

Foto: Jan Kløvstad

Dei første venstrefrøa i Nedenes amt blei nok sådd i folkehøgskolen Viggo Ullmann og Ivar Fløistad starta på Skjulestad hausten 1873. Fleire av elevane der og i åra skolen heldt til i Landvik blei Venstreordførarar rundt om i bygdene, noen av dei også stortingsrepresentantar. Mange av dei blei leiande i den frilynde ungdomsrørsla.

Folkehøgskolen i Austre Moland

Foto: Jan Kløvstad

Her på Skjulestad låg første folkehøgskolen i Aust-Agder.

Ullmann blei både odelstingspresident og stortingspresident. Det hadde ei tid vore ei Venstreforening på Stortinget, men det var i 1883-1884 Venstre organiserte seg over heile landet. Venstre dominerte i stortingsvala og i lokalpolitikken utover bygdene frå partiet innførte parlamentarismen i 1884. I Arendal by var Høire som regel større, mens Venstre hadde overtaket i Kristiansand. Evjemannen Jørgen Løvland (1848-1922) arbeidde aktivt både i Aust-Agder og i Kristiansand, og blei Norges første utanriksminister 15. juni 1905 etter noen månader som norsk statsminister i Stockholm. 1905 var eit stort år for Venstre også lokalt: "Hvilket herlig uforglemmeligt år! Norge selvstændigt, samlet, enigt som aldrig nogensinde før! Løst af unionen og Sveriges formynderskab! Ja, det er som et fagert digt", skreiv Ivar Fløistad i eit brev til historikaren Arne Bergsgård. Fløistad kunne glede seg over eit einstemmig JA til å oppløyse unionen "fra 349 voxne Mænd" i Austre Moland kirke 13. august. Også Gunnar Knudsen (1848-1928), statsminister i fleire omgangar med lengste perioden 1913-1920 hadde røtter her. Han blei født på Saltrød, og fekk Borgestad i Porsgrunn som utgangspunkt for det politiske arbeidet sitt. I 1905 stod Knudsen og Fløistad fast på at Norge skulle vere republikk, og dei var begge skuffa over at Jørgen Løvland og Fridjtof Nansen skifta side og fekk fleirtalet med for kongedømme.

Venstre bygde landet og landsdelen

Venstre bygde landet, organiserte menn og etter kvart også kvinner og ungdom, stod i spissen for folkehøgskolar, landsgymnas, demokratisering og modernisering av skolen med holtingen Knud Knudsen i spissen, dei Castbergske barnelover som ga barn også født utanfor ekteskap rettar, nasjonalisering av fossekrafta og ei veldig oppbygging av det moderne Norge. Partiet heilt dominerande særleg på bygdene fram til starten av 1920-talet. Da hadde partiet vore gjennom noen avskallingar både nasjonalt og lokalt, Arbeidarpartiet betynte å bli stadig sterkare og Venstre måtte stort sett sjå litt dårlegare resultat for kvart stortingsval. Men partiet hadde fleire ordførarar enn dei andre partia i Aust-Agder til etter andre verdskrigen, og minst ein fast stortingsplass til langt ut på 1950-talet.

Vekst på 1960-talet, skilsmisse i 1972

Ved stortingsvalet i 1965 kom Venstre sterkt tilbake i Aust-Agder, med den 34 år gamle Øyvind Bjorvatn som gjorde eit overraskande godt val. Han tok tilbake det mandatet Kristeleg folkeparti hadde kapra frå Venstre tidlegare, og førte både ein valkamp og stod for eit stortingsarbeid som få andre her frå fylket har gjort etter han. Valresultatet i 1969 var eit vitnemål om det solide arbeidet Bjorvatn hadde gjort, med ein god framgang der Venstre gjekk tilbake i fleire andre fylke. Han leia Landsdelskomiteen for Agder og Rogaland, arbeidde aktivt i samferdslekomiteen, og var peika ut som ein av dei komande i partileiing og regjering da Venstre sprakk på Røros hausten 1972. Indre splid, EF-kamp og slitasje sprengte Norges eldste parti. Folkepartiet Nye Venstre, seinare Det liberale folkepartiet, stod igjen med 8 av dei 13 Venstre-representantane på Stortinget og gjekk straks høgt opp på meiningsmålingane. Øyvind Bjorvatn, ja-mann og Europatilhengar, mista stortingsplassen sin, men kom seinare tilbake som vararepresentant for Det liberale folkepartiet på ei fellesliste. Tida da Venstre og Høgre veksla på ordførarverver i Arendal var forbi med Stian W. Erichsen som foreløpig siste Venstreordførar, og seinare har det berre sporadisk vore varaordførarar for Venstre i fylket fram til siste val. Da fylkeskommunen blei oppretta med direkte val til fylkestinget i 1975 sat Venstre i Aust-Agder med ein einsleg representant der dei første periodane. Marit Aslaksen frå Arendal gjekk inn i den ferske fylkespolitikken (og i styret for Distriktenes utbyggingsfond) etter solid arbeid i Arendal bystyre, mellom anna for vern av Tyholmen.

Venstre og DLF i Aust-Agder arbeidde kvar for seg og sjeldan i samarbeid i 15 år, til partileiar Arne Fjørtoft tok initiativet og fekk med seg DLF-leiar Marit Bjorvatn, Halfdan Hegtun og fleire andre sentrale DLF-arar til eit samla parti igjen frå 1988.

Dagens Venstre
Den nye valordninga gjorde at Venstre berre mangla noen få stemmer på stortingsmandat i Aust-Agder i 2005, og i 2007 kom den store gjenreisinga. I Grimstad fekk Venstre ordføraren og seks medlemer i bystyret med 16% i kommunevalet. Hans Antonsen blei første Venstreordførar i Aust-Agder på fleire tiår. Både i Risør og Lillesand fekk Venstre varaordførar, og i Gjerstad, Iveland, Bykle, Tvedestrand og Arendal fekk partiet plass i formannskapet. Nå sit Øystein Haga frå Grimstad og Marianne S. Lyngvi frå Arendal i fylkestinget, med Haga også i fylkesutvalet. Venstre er nå større enn både SV og Senterpartiet i Aust-Agder. Under 100-årsjubileet i Norges Unge Venstre kunne dagens Unge Venstreleiar Anne Tørå Solsvik frå Arendal utnemne tidlegare Unge Venstreleiar Per Tore Woie frå Arendal som første æresmedlem i Norges Unge Venstre sidan 1999. På felles fylkesårsmøte med Vest-Agder Venstre sa Venstre som første parti einstemmig ja til fylkessamanslåing, og eit solid fleirtal sa også ja til norsk medlemsskap i EU.

På toppen av stortingslista i 2009 står Øystein Haga, Grimstad og Anne Tørå Solsvik, Arendal.

Øystein Haga og Anne Solsvik

Foto: Jan Kløvstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**