Venstre ville spare konsulentutgifter

Venstre takka i kommunestyret høfleg nei til å bruke 199.000 kr (pluss moms) til konsulentbidrag frå RO i samband med å finne framtidige sparetiltak i Fjaler-skulen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Hogne Kvangarsnes sa i debatten at Venstre var i tvil om verdien av å kjøpe denne typen eksterne konsulenttenester.
Han viste til at Fjaler har eit svært godt utbygd administrativt nettverk i skulesektoren — med fem røynde rektorar og ein skulefagleg ansvarleg. I tillegg kjem personalsjef, rådmann og økonomisjef. “Spar pengane! Eg har full tillit til at vi med eigne krefter kan finne konstruktive analyser og sparetiltak,” sa Kvangarsnes. Han la til at vi gjerne må innhente informasjon, impulsar og idear utanfrå. I så fall kan Fjaler gå i direkte dialog med andre kommunar som har vore gjennom liknande prosessar — og få naudsynt informasjon på den måten.
Berre dei fem representantane frå Høgre og Krf støtta opp om synet til Venstre i denne saka. (k-sak 24/09)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**