“Nei-takk” klistremerke i Voss Kommune

I servicetorget på tinghuset kan ein no få “Nei-takk” klistremerke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Venstre er nøgd med at innbyggarane i Voss Kommune no lettare kan få tak i “Nei-takk” klistremerke. Dette er eit steg i rett retning, og kan vere eit bidrag til å få ned mengda uadressert reklame. For kvart nye “Nei-takk” klistremerke som blir tatt i bruk, reduserar ein forbruk pr. hushaldning på mellom 40-50 kilo emballasje i året.

Likevel vil Venstre jobbe vidare med å gjere Voss til ein føregangskommune på dette området i Noreg. Ein bør spegelvende dagens reservasjonsordning knytt til uadressert reklame. Fyrst når me i Voss Kommune har innbyggarar som lyt sei “Ja-Takk” framfor “Nei-Takk” til reklame, vil ein ta det verkelege krafttaket på dette området.

Å vere aktive i jobben mot ein enklare og betre kvardag innan forbruk treng ikkje vere komplisert, men det trengs politisk vilje og litt tøffheit.

Knut Olav Nestås
Kommunestyrerepr., Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**