Eigedomsskatten utsett. Venstre krev utgreiing om alternative inntekter

Kommunestyret i Fjaler utsette måndag (16.2) saka om innføring av eigedomsskatt. Ei rask sondering blant partigruppene før møtestart, viste at det ikkje var politisk fleirtal for eigedomsskatt i denne omgang. Saka vart difor samrøystes utsett etter framlegg frå AP.
Venstre v/gruppeleiar Gudmund Solheim gjekk med på utsetjing på vilkår av at kommunen, i samråd med Fjaler Næringsutvikling, set i gang utgreiing av andre alternativ og løysingar for å få inntekter av den komande aktiviteten på Lutelandet. Dette kravet gav ordførar Helle munnleg tilslutnad til.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Etter at AP,SV og SP m/ekskluderte – i budsjettmøtet i desember – gjekk inn for eigedomsskatt på næring og bruk, var det uventa at rådmannen allereie i februar-møtet skulle utvide dette til også å gjelde all privat eigedom i kommunen frå 1. januar 2010. Med full eigedomsskatt kan også Fjaler gjere seg håp om å få auka dei årlege skjønsmidlane frå staten med 0,5 mill. kr — slik Venstre fekk stadfesta i brev frå fylkesmannen sist månad.
Men no ynskjer altså kommunestyret ein tenkepause.
I eit brev til kommunen konkluderer styret i Fjaler Næringsutvikling med at før det er utgreidd andre alternativ og løysingar for å få inntekter av aktiviteten på Lutelandet, noko som har vore lagt inn som ein føresetnad for innføringa av skatten; vert det feil å skattlegge eit allereie utsett næringsliv. FNU skriv vidare at dei – heilt sidan problemstillinga om eigedomsskatt først vart presentert, har peika på at det bør kartleggast om det finst andre måtar å hente inntekter på ved etablering av vindpark og anna industri på Lutelandet. FNU vil gjerne vere med å bistå kommunen i ein slik prosess.
Venstre støttar utspelet frå Fjaler Næringsutvikling, og etter oppmoding i kommunestyret frå Gudmund Solheim lova ordføraren å ta fatt på oppgåva. (k-sak 23/09)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**