Lars-Henrik P. Michelsen vitja Voss

Tysdag 17 februar 09 var Lars-Henrik Paarup Michelsen invitert på årsmøtet til Voss Venstre. Lars-Henrik som er 2.kandidaten på Hordaland Venstre si liste til stortingsvalet i 2009, vitja Destinasjon Voss, Voss Feriepark og Voss Sjukeheim.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Lars-Henrik Paarup Michelsen

Rundt på Voss for å lære
Destinasjon Voss (DV) ved Gunhild Lundblad fortalte om målsetnadane for Voss. Mellom anna håpar DV på å femdoble omsetninga til reiselivsnæringa i Voss Kommune, innan 2017. Lars-Henrik gav klart uttrykk for at han kom til å jobbe knallhardt for Bergensbana. I utkastet til det nye stortingsvalprogrammet ynskjer Venstre å få reisetida ned til fire timar mellom Oslo og Bergen innan 2020. Dette er sjølvsagt eit prosjekt som vil bety mykje for Voss!
Geir Inge Kvitne var også på møtet med DV. Han orienterte om Voss Feriepark sine planar i Bordalen med mellom anna utbygging av ein husdyrspark. Turen gjekk så til Voss Sjukeheim der Asbjørn Nilsen orienterte om utfordringane ein står ovanfor innan eldreomsorg. Det blei og tid til ei omvising.

God diskusjon på årsmøtet
På årsmøtet la laget til rette for ein politisk debatt. Lars-Henrik fortalte litt om viktige saker for Venstre inn mot stortingsvalet. Etter dette var det ein god diskusjon der mellom anna lokaldemokrati, miljø og næringspolitikk blei drøfta.

Voss Venstre ynskjer å takke Lars-Henrik for at han tok seg tid til eit besøk, og me håpar å sjå han att, både i valkampen og på Stortinget. Me skal i alle fall gjere det me kan på Voss, for å få to Venstre representantar inn for Hordaland!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**