Adopsjon til beste for barnet, uansett seksuell legning

Eit tre år gamalt barn hadde ei narkoman mor som var heilt ute av stand til å ta seg av barnet sitt. Tanta til barnet er homofil og lever i homofilt partnarskap med ei anna kvinne. Eg kjenner tanta, som er den einaste i familien som kunne ta seg av barnet, og gi barnet den omsorg, omtanke og varme som eit

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


barn fortener.

Når eg ser diskusjonar i fleire parti om homofile skal ha rett til å adoptere, må eg tenke på dette vesle barnet som hadde ei homofil tante som einaste trygge haldepunkt i livet sitt. Eg var kollega med kvinna, og veit kor godt menneske den homofile kvinna er.

Adopsjon skal vere til det beste for barnet, verken meir eller mindre. Alle barn har rett til ein god oppvekst. Ingen politiske parti skal ta seg til rette og hindre eit barn i å få den beste omsorga samfunnet kan gi det.

Sjølvsagt kan homofile adoptere barn.

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**