SVs Rune Sævre og snøen som fall på Kilimanjaro i fjor

– Av ein eller annan grunn kritiserer SVs Rune Sævre at ordførar Torill Rolstad Larsen og fylkesordførar Laila Øygarden reiser til FNs miljøkonferanse i Nairobi. Dette er både pinleg og heilt uforståeleg, seier Venstres gruppeleiar Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Rune Sævre reiste gjerne til Afrika for Arendal kommune for to år sidan. Han sa heller ikkje nei til å reise med heile det gamle driftsstyret til Brüssel, enda to-tre representantar sikkert kunne kome heim med same utbytte som eit heilt driftsstyre. Og så skal SVs gruppeleiar kritisere ordføraren i FN-byen Arendal for at ho stiller på ein stor miljøkonferanse i Nairobi!

Rune Sævre vil ta saka opp i bystyret. Han vil ha klimarekneskap for turen. Det vil han sjølvsagt få. Arendal kommune kjøper klimakvoter for slike turar, og det kan også tenkast at ordføraren kjem heim med kunnskap og inspirasjon til vidare klimaarbeid.

Rune Sævre

Foto: Jan Kløvstad

Rune Sævre seier til NRK Sørlandet om sin eigen Afrikatur:
“Han mener turen var uproblematisk den gang.

– Da hadde jeg faktisk et innspill i etterkant av turen, og et av hovedpunktene mine var at snøen hadde forsvunnet på Kilimanjaro.”

– Dette er både småleg og pinleg. At snøen hadde minka på Kilimanjaro hadde opptil fleire andre enn Rune Sævre funne ut ved eitpar tastetrykk på internett. Og så skal Rune Sævre to år etterpå fortelle at det var viktig å reise til Afrika, så han også kunne oppdage at snøen minka på Kilimanjaro!

Eg håpar SV i Arendal straks vil kome seg inn på eit meir konstruktivt spor, seier Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**