Ei gransking viser at 88,3% av gutane veit kva anabole steroidar er, at 6,8% av gutane og 1,5% av jentene har brukt slike stoff. 41,7% av elevane i vidaregåande skole i Oslo kjenner noen som brukar eller har brukt anabole steroidar. Granskinga galdt 1022 elevar på seks vidaregåande skolar i Oslo.
Kva med Arendal? Initiativtakarane er redde for at det er like ille i Arendal, kanskje enda noe høgare tal. Bruk av dopingmidlar kan også vere inngangsport til bruk av andre narkotiske stoff.
Målet vårt er at Arendal kommune skal arbeide aktivt for å redusere bruken,
med forebyggande arbeid, haldningsskapande arbeid, rettleiing og informasjon i mange miljø.
Målgrupper er gymlærarar, tilsette og leiarar på treningssentre og helsestudio, helsesøstre, elevrepresentantar på vidaregåande skolar, oppvekstmedarbeidarar, ungdomsteam, fengselet, sjukehustilsette og særleg ved psykiatriske avdelingar.
Samarbeidspartar er NSI – Naturlig Sterkt Idrettsmiljø, som har tatt initiativet, Stiftelsen Antidoping Norge, Agder politidistrikt og fylkeslegen i Aust-Agder.
Det skal haldast tre konferansar hausten 2009, det blir gitt fortløpande fagleg rettleiing, få inn informasjonsarbeid i teoretisk gymundervisning og stadig oppfølging gjennom ungdomsteam og andre ungdomsarbeidarar.
I debatten sa Venstres Jan Kløvstad at det er viktig at dei folkevalte lytter, lærer og inspirerer arbeidsgruppa til systematisk og langsiktig arbeid, framfor å nå ta absolutte standpunkt til kva som er fornuftig eller ikkje fornuftig i detaljspørsmål i dette store sakskomplekset.
Sjå også NRK Sørlandet.