Heildagskule og lekser

I BT torsdag 5. februar går utdanningsdirektøren i Hordaland ut og på det nærmaste oppmodar elevar til boikott av lekser.
Kva er dette?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Skole

Foto: Luth

SV tek stadig til orde for at borna ikkje kjem snart nok i barnehagen. Helst skulle dette vore obligatorisk straks barnet har sluppe puppen, og om ei mor ynskjer å amma lenger enn fødselspermisjonen så er det best å setja i gang tiltak for å avvenna barnet slik at det kan ta til i den obligatoriske barnehagen.
Kvifor er SV og AP så oppsett på at staten skal ha det heile oppsynet med borna så snart dei er unnfanga?

Deretter ber det av gårde til skulen. Det er bra. Born ser fram til å byrja på skulen. Der har dei gjerne storesysken og store-syskenborn. Eg har sjølv ei i 1. klasse og ein i 2. klasse. 3. og minstemann er i barnehagen enno, men av og til må han få med "latelekser" frå barnehagen. Han vil så gjerne ha ordentleg arbeid. Så har eg onkelborn i 5. Og 7. Klasse. Truleg er eg nok svært gjennomsnittleg på dette viset.
Etter fyrste skuledag kjem dei heim med stjerne i augo. Stolte og krye. Dei skal heim å gjere leksa dei har fått.
Borna sit med kjøkenbordet og gjer lekser medan far eller mor vekslar mellom å laga middag og hjelpe med leksene. Slik er det enno. Lekser er noko viktig. Ikkje berre ein repetisjon av det dei arbeider med på skulen. Det er òg ei bearbeiding av det dei arbeidar med på skulen. Som forelder er det uvurderleg å kunna fylgja opp arbeidet frå dag til dag. "Det er flott" " Her skal du gjera slik, ikkje slik" " Heilt riktig". Kontinuerleg tilbakemelding på rett og galt.
Så kjem borna heim og syner stolte fram smilefjeset eller kommentaren frå læraren som seier at dei har gjort eit fint arbeid.
Foreldre har hatt, har og skal ha hovudansvaret for sine born. Dette kan ikkje seiast klårare.
Då eg så opnar VG i dag 5. Februar og les innlegget frå "kunnskapsministaren" undrar eg på om dette er ironisk meint eller skrive i fullt alvor. Det er dessverre det siste. Vår eminente ministar er nær ved å overgå sin forgjengar som meinte at barnehagen var betre egna til å oppdra borna sine det borna sine foreldre var, då han skriv: "Vi må få slutt på at foreldra opplever at skulen legg eit ansvar på dei .."

Lekser er bra på mange ulike måtar.
Så er det eit viktig argument mot lekser. Nemleg at nokre born ikkje får den hjelpa dei treng heime med leksene.
For desse er ikkje lekser noko kjekt. Her lyt me finna andre løysingar får å ivareta eleven. Leksehjelpen gjennom raude krossen er eit døme på tiltak her. Her hadde til dømes venstre full dekning i sitt alternative budsjett på Askøy.
Det er svært viktig at ein skal være særs varsom med å innføra ei obligatorisk ordning som skal favna om alle for at ein skal verna om nokre. Ein skal hjelpa dei som treng ekstra hjelp og stimulera dei som ikkje treng så mykje hjelp. Det er IKKJE vegen å gå å halda tilbake dei flinke for å minska forskjellane mellom elevane.
Her ligg den gamle tanken om at alle er like bak og murra som eit kalt gufs frå fortida.
Alle skal vera like, alle skal ha obligatirisk barnehage, alle skal ha obligatorisk heildaskule.
Obligatorisk. Tvang. Innskrenking av valfridom.
Dette skal me vokta oss for.

På ei anna side, kva meiner ein med heildagskule? Er det å utvida skuledagen med 1 time? Eller betyr det obligatorisk skule frå 07:30 til 16:30 5 dagar i veka?

Mange vil nok tenkja at "ja men då slepp me SFO" Det er vel bra?
Svaret på det er at det er bra for nokre. Ikkje alle. For mange vil framleis vera heima og venta på bornet som kjem frå skulen kl 1300 eller 1400. Dei skal i alle fall ha fridomen til å bestemma sjølv om dei ynskjer dette.
Det er ei privat avgjerd. Ikkje noko staten skal rå over.
Personleg fridom og ansvar for fellesskapet.

Så eg undrar, er me tjent med ein utdanningsdirektør som seier slikt? Kva signal gjev ho då ut?
Du burde tenkja deg om Kjellbjørg Lunde. Me skal læra våre born å ta ansvar, og stå til ansvar. Ikkje fortelja dei om smutthol og om korleis ein kan lura seg unna. Eigentleg skulle eg ikkje vera overraska, då dette med å fråskriva seg ansvar er i tråd med det SV me kjenner.
Dette skal du Bård Solhjell òg ta til deg . Det er retta direkte til deg òg.

Borna mine har eit positivt syn på skulen og på lekser. Og som forelder er eg svært nøgd med skulen mine born går på. La det vera slik. La oss gle oss over leksene, og gle oss over at dei anvarsbeviste og samvitsfulle tek opp leksene og gjer dei så fint dei kan.

Rolf Walderhaug

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**