Fylkesstyremedlem og utsending til landsmøtet

Anne Kjersti Frøyen er utsending til landsmøtet 2009. Ho er og nyvalgt medlem i fylkesstyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Buskerud Venstre arrangerte sitt årsmøte på Ål 7.-8. februar. Det opna med lur-fanfare framført av Andreas Frøyen Dideriksen (9) og Sveinung Aaker Gundersen (14).

 Ordførar Thorleif Dalseide, stortingskandidat Ulla Nordgarden og nestleiar i Venstre Ola Elvestuen.

Ordførar Thorleif Dalseide, stortingskandidat Ulla Nordgarden og nestleiar i Venstre Ola Elvestuen.
Foto: Rebekka Borsch

Hovudtemaet for årsmøtet var utkastet til til stortingsvalgprogram og nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen, innleia diskusjonen. Det vart og vedteke to politiske uttaler: “Bygg Ringeriksbanen!” og “Grunneiere må tilbys erstatningsareal ved skogvern”. Sjå Buskerud Venstre si heimeside for meir om desse sakene og årsmøtet.

Anne Kjersti Frøyen vart valgt inn i fylkesstyret og er no Hallingdal sin representant der dei neste 2 åra. I tillegg er John Storhaug 1. vara til fylkesstyret.

Anne Kjersti Frøyen

Foto: John Storhaug

Anne Kjersti Frøyen skal og vere utsending til landsmøtet. Delegasjonen frå Buskerud Venstre tel 8 utsendingar:
Ulla Nordgarden, Drammen
Helge Stiksrud, Ringerike
Ellen Korvald, Kongsberg
Erik Hørluck Berg, Modum
Bjørn Flo Knudsen, Kongsberg
Anne Kjersti Frøyen, Ål
Rebekka Borsch, Røyken
Runolv Stegane, Sigdal
Fylkesleiar Geir Stave er automatisk deltakar på landsmøtet.

Om nokon saknar ordførar Thorleif Dalseide mellom utsendingane, så var ikkje han aktuell som utsending grunna kollisjon med anna reiseverksemnd. Lansmøtet 2009 er 24.-26. april i Stavanger.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**