Engasjement, ikke kupp

I BT 27. januar går Mons Kvamme imot vedtaket om å opna Fredriksberg fort for publikum, men ønskjer velkommen til omvising på fortet. Invitasjonen er hyggeleg, men ikkje god nok for oss. Bystyret i Bergen har vedteke, med tilslutning frå alle partia, å opna denne kulturhistoriske perla for publikum, og dette vedtaket må gjennomførast.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Vedtaket om opning kom i stand etter eit innbyggjarinitiativ der Bergen Unge Venstre samla inn 350 underskrifter for opning. Me samla inn underskrifter i hovudsak på gata og i parkar på Nordnes og Torgallmenningen, sommaren 2006. Det var ei svært positiv oppleving for oss som var med på det.

Responsen var så godt som udelt positiv, særleg på Nordnes, og med ei handfull unntak skreiv alle me kom i snakk med under på listene. Kvamme sitt trumfargument er at han har høyrd at det låg underskriftslister ute på studentstaden Kvarteret! At det å engasjera byen sine studentar i ei lokalpolitisk sak skulle vera “kuppmakeri”, som Kvamme skriv, er i seg sjølv ein hårreisande påstand. Men uansett kan Kvamme ta det med ro: Ryktet han vel å spreia er usant. Me la ikkje ut nokon underskriftslister på Kvarteret i denne saka. Fråtrekt dei 7 % som oppgav utanbys heimstad, gjenstår 325 underskrifter, godt over grensa på 300 som er kravd, og det var då òg derfor kommuneadministrasjonen godtok underskriftslistene som eit innbyggjarinitiativ.

Opninga av fortet blei vedteke einstemmig i bystyret for to år sidan. I innlegget sitt "avslører" Kvamme det heile som eit politisk “spel”, der Venstre trumfa saka gjennom. På vegner av Venstre takkar me for tiltrua! Men politikken fungerer nok ikkje slik. Dersom det hadde vore så lett å lura med seg Ap, Frp, Høgre og resten av partia på sakene våre som Kvamme hevdar, så hadde mykje vore annleis og betre i denne byen. Det politiske “spelet” som Kvamme har “gjennomskua” blir òg kalla demokrati, og er den styreforma me har valt å ha i dette landet. Kvamme meiner tilsynelatande at det hadde vore betre om byråkratane bestemte.

Til slutt må me beroliga Kvamme, som ser ut til å tru at initiativet vårt er ein form for angrep på buekorpset Nordnæs Bataillon, som har tilhald på fortet. Ingen har sagt noko om at buekorpset skal vekk, eller at dei står i vegen for opning av fortet, utanom Mons Kvamme sjølv. Innsatsen som Nordnæs Bataillon har lagt ned på fortet set me stor pris på, og me håpar og trur at buekorpset framleis vil halda til der. Kvamme er ikkje glad i parallellar med Bergenhus festning, men han skal likevel få ein til: Dræggens Buekorps, som held til på Bergenhus, har såvidt me har høyrd, aldri hatt problem med at festningen er open også for andre enn dei. Ulike former for folkeleg aktivitet må vera mogleg også på Fredriksberg, som det er på andre festningar og fort over heile Noreg og heile Europa. Akkurat slik eit einstemmig bystyre kom fram til.

Øystein Brekke, styremedlem Bergen Venstre
Sara Henriksen, bystyremedlem Bergen Venstre,
begge tidlegare Bergen Unge Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**