Betre vilkår for friviljuge organisasjonar!

Friviljug samarbeid og samfunnsdanning basert på sams interesser og verdiar er ein av berebjelkane i det norske samfunnet. Nesten seks av ti nordmenn er engasjerte i éin eller fleire friviljuge organisasjonar. Fellesskap er mykje meir enn stat og kommune!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Diverre har arbeidsvilkåra for dei friviljuge organisasjonane på mange måtar vorte forverra dei seinare åra, særleg med tanke på det økonomiske. Pengeinnsamling og søknads- og rapportskriving tar kreftene vekk frå det aktive arbeidet.

Regjeringa lova i Soria Moria-fråsegna at ein skulle sjå nærare på meirverdiavgifta (momsen) for friviljug arbeid, noko som mellom anna skulle innebere at eit lag kunne få momsfritak for bygging av eit idrettsanlegg, slik ein kommune ville fått. Men så langt er det ingen utsikter til endring. I tillegg er kompensasjonen for inntektene mange organisasjonar tidlegare hadde på speleautomater mikroskopisk.

Hordaland Venstre krev at regjeringa no gjer fortgang med arbeidet for momsfritak for arbeid i friviljuge organisasjonar. Den offentlege støtta til kulturarbeid av ulike slag må aukast, og i langt større grad desentraliserast til lokalt nivå. Ein langt større del av støtta må òg kome som fast støtte, ikkje berre som støtte til einskilde og kortvarige prosjekt.

Hordaland Venstre vil:
Heve grensa for å betale arbeidsgjevaravgift
Setje i gong eit arbeid med sikte på fullt momsfritak for friviljuge organisasjonar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**