“Aust- og Vest-Agder Venstre vil prioritere følgande prosjekt i Nasjonal transportplan:
1. Ny trygg og ulykkesfri E18 med midtdeler mellom Arendal og Tvedestrand.
2. Starte arbeidet med Eidangertunnelane mellom Larvik og Porsgrunn, detaljplanlegging av samankopling mellom Vestfoldbanen og Sørlandsbanen over Brokelandsheia, samt planlegging av kystnær trasé for høgfartstog.
3. Legge til rette for betre service for reisande med tog og ekspressbussar for å gjere kollektivtrafikken til og frå landsdelen stadig meir attraktiv.
Venstre vil presse på for at Arendal og Tvedestrand kommunar vedtar kommunedelplan for ny E18 innan utgangen av 2011, med målsetting om å sette spaden i jorda for trygg veg med midtdelar i 2014.”
Einstemmig vedtatt.