Mange endringsforslag til stortingsvalgprogrammet frå Agder Venstre

Agder Venstre bør få gjennomslag for langt sterkare satsing på samferdsle i sør enn det foreløpige programforslaget går inn for, både når det gjeld å følgje opp bygging av Eidangertunnelen og samankopling av Sørlandsbanen og Vestfoldbanen og trygg og samanhengande standard på E18 frå Oslo til Mandal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Forslaget frå Venstre nasjonalt ber preg av at det har vore litt for mange vestlendingar i programnemnda, sa Hans Antonsen.

I si innleiing la også Antonsen vekt på fleire gode forslag frå Lillesand Venstre om strandsonepolitikk.

Sjå eiga sak om EU-debatten.

Dei konkrete endringsforslaga blei vedtatt slik:
– sterkare satsing på Eidangerbanen og samankopling av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen
– veg- og sjøformuleringane får sterkare sørlandspreg
– satsing også på E18 og Riksveg 9 inn i programmet
– sterkare sykkelsatsing, etter forslag frå Mandal Venstre
– Venstre legg til ordet tru i oppramsinga av kva vi skal ha respekt og toleranse for
– under punktet allemannsretten vil Agder Venstre stryke punktet som av Agder Venstre blir oppfatta som mogleg utvanning av strandsonepolitikken
– nytt høgfartsnett for jernbane mellom dei store byane i Sør-Norge
– i skolekapittelet er det viktig å gi “den enkelte elev tro på egen verdi og egne evner”, der “tro på egen verdi” er ny formulering etter forslag frå Lillesand Venstre
– sterkare arbeid for å hindre fråfall i skolen
– starte enda tidlegare med spesialpedagogisk kompetanse både i barnehage og skole
– sterkare formuleringar om å avgrense byråkratipresset på lærarane
– gå inn for eit kompetanseår for lærarane
– øyremerke større del av oljefondet til forsking
– større likestilling av støtte mellom tannlegebehandling og legebehandling
– meir samarbeid med privte institusjonar i rusomsorg
– erstatte formuleringa “lønnsmessig rettferdighet” med “likelønn”
– ta inn formulering om tareskog og klimaendingar ved Sørlandskysten
– kartlegge det biologiske mangfoldet i sjø i alle kystkommunar, jfr. Tvedestrandsmodellen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**