Hjelp til Sri Lanka!

Hordaland Venstre ser med stor uro på situasjonen for sivilbefolkninga på Sri Lanka. Sivile får ikkje sleppe ut av krigsskodeplassane, presse og humanitær hjelp får ikkje tilgong til området og sivile mål vert bomba. Noreg må snakke med ei tydeleg røyst i denne saka, og den norske regjeringa må gjere meir for å leggje press på partane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Andsynes eit land som vert styrt av kompromisslause regjeringsmedlemmar, og som tilsynelatande manglar respekt for så vel eiga sivilbefolkning som for verdssamfunnet, må alle gode krefter setjast inn. Det må gjerast klart at den etniske konflikten mellom tamilar og singalesarar ikkje kan nedkjempast på slagmarka. Snarare vil væpna konflikt kunne rydde vegen for ein ny fase i konflikten som vil verte endå mindre føreseieleg både for regjeringa og for landet under eitt.

Verdssamfunnet må straks krevje våpenkvile mellom regjeringa og tamiltigrane. Media må få tilgong til krigsområdet, humanitær hjelp må sleppast inn og bombinga av sivile mål må stoggast. Noreg må vidare opne for å ta i mot flyktningar frå krigsområda. Gjennom 20 år har Noreg vore involvert i fredsarbeid på Sri Lanka, og vi er eit av dei landa som gjev mest i utviklingsbistand til øystaten. Noreg er såleis i ein unik posisjon til å leggje press på båe partar i konflikten, og Hordaland Venstre krev at regjeringa gjer alt som gjerast kan for å få ein slutt på den humanitære katastrofen på Sri Lanka.

Fråsegnen vart vedteken på Hordaland Venstre sitt årsmøte på Stord 7. februar 2009.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**