Agder Venstre seier JA til EU

Med 38 stemmer for, 18 mot og tre blanke stemmer sa Agder Venstre ja til norsk medlemsskap i EU. – Eit historisk vedtak, sa den nye fylkesleiaren Arnt Gunnar Tønnessen i Aust-Agder Venstre etter avstemminga. Ingebjørg Haughom frå Flekkefjord Venstre stemte nei, og var skeptisk til at partiet nå går inn for nrosk medlemsskap.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Hans Antonsen i debatt

Foto: Jan Kløvstad

Hans Antonsen og ei samrøystes redaksjonsnemnd ville halde fast på programnemndas formuleringar om å seie JA til norsk medlemsskap, da han presenterte forslagettil stortingsvalprogram.

– Eg har eit godt håp om at fleirtalet på landsmøtet i Venstre vil vippe over til Ja til EU, avslutta Hans Antonsen si innleiing om stortingsvalprogrammet.

I debatten tok nyvalt fylkesleiar Arnt Gunnar Tønnessen ordet og repeterte eit viktig argument for ¨å seie nei i 1994, – det at EU skapte eit gjerde mellom aust og vest i Europa og at Norge måtte støtte opp også om dei som var utanfor EU. Nå 15 år etterpå er dei aller fleste av dei som var utanfor EU innanfor EU. Nå kan vi risikere at einaste staden i verda der vi er ei stormatk, EØS, fell saman. Lichtenstein slit som skatteparadis, og Island er kanskje på veg inn i EU. Vi kan risikere å sitte igjena leine i EØS. Da er det eit grunnleggande val mellom å vere på banen eller å vere tilskodar. Spør kven som helst somk har spelt fotball om kor du har størst innverknad på resultatet; – det er på banen. Norge bør søke medlemsskap.

Ingebjørg Haughom

Foto: Jan Kløvstad

Ingebjørg Haughom i Flekkefjord Venstre var redd for at eit ja nå vil splitte partiet, og åtvara mot å seie ja til norsk medlemsskap, mens Hans Antonsen nemnte at vi må ta standpunkt utfrå trua på sakene og ikkje utfrå taktiske spørsmål.

Olaf Engestøl, Iveland, reiste forslag om at Venstre bør seie nei til norsk medlemsskap i EU, og reiste mindretalsforlsaget frå Venstres programnemnd. -Nei-et mitt er todelt. Det eine er at eg ikkje er imponert over det vi blir prakka på frå EU, som datalagringsdirektiv og andre meir tvilsame personvernutspel. Om Norge går inn vil vi få omrent like stor makt i EU som partiet Rødt har i Norge i dag. At EU skal vere så demokratisk kan eg ikkje forstå. Byråkratiet er styrka, parlamentet har fått litt meir makt, men det er på bekostning av statane.

Anne Tørå Solsvik argumenterte for norsk medlemsskap for å vere til stades der avgjerdene blir tatt. – Eg vil ha fleire liberalarar i Europaparlamentet, ikkje fleire nordmenn i byråkratiet i Brussel. Det sterke byråkratiet handlar mykje om at det er for mange konservative og for mange sosialdemokratar i EU, EU og Europa treng fleire liberalarar. Vi skal tilføre verda meir demokrati, sa Anne Tørå Solsvik.

Kathrine Næss Hald argumenterte for medlemsskap. – Vi har store utfordringar innan miljø. Medlemsskap gir oss sjanse til samarbeid. Utan samarbeid får vi ikkje til noe. 27 land er med, i dansk lokalpolitikk er det blitt heller meir lokaldemokrati enn før Danmark gjekk inn i EU. Eg håpar at Venstre stemmer for EU-medlemsskap, sa leiaren i Vest-Agder Venstre.

Jens Olai Justvik stilte nei-folket spørsmålet: Dere er for EU-medlemsskap, men kva er de for? For handelsavtalen, det er jo ein EU-light, og det er eg utruleg lei av. Eg vil inn, og få ei hand på rattet!

Og med det blei avstemminga at 18 sa nei til EU, mens 38 sa ja og tre stemte blank.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**