Bra oppslag for Voss Venstre

I januar har det vore oppe fleire saker i dei politiske utvala i Voss der Venstre har fått positiv politisk oppmerksomheit i lokalavisa «Hordaland». Elles har lagssaker tatt tid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


INFO.BREV 2/09
I januar hadde Vosss Venstre 2 styre-/lagsmøte. I det første, den 5.jan., drøfta styret ein del typiske lagssaker; årsmøte, medlemslister og ymse arbeid ut over våren, representasjon til nominasjonsmøte og årsmøte i Hordaland Venstre.

På lagsmøtet 20. jan. stod utkast 2 til Stortingsprogram i fokus. Knut Olav Nestås, Anne Jorunn Ryum Møen og Torstein Gunnarson orienterte kvar om nokre kapittel. Nokre framlegg til endringar blei vedtatt sendt til intern høyring før vidaresending til den vidare behandlinga på fylkesårsmøtet. Det same galdt framlegg til resolusjonar frå fylkesårsmøtet. Her har laget sendt 2; ein om arbeidet med å berga Vossalaksen og ein om betre tilhøve for arbeidet i frivillige organisasjonar.

Til nominasjonsmøte og fylkesårsmøte på Stord 6.-8.febr. reiser Knut Olav Nestås, Anne Jorunn Ryum Møen og Torstein Gunnarson. 1. plassen på Stortingslista til hausten er det ingen dissens om; Lars Sponheim. Derimot bryggjer det opp til stor diskusjon om 2.plassen, mellom Lars Henrik Paaarup Michelsen (Austevoll/Bergen) og Gunn Vivian Eide, Bergen.

Vi vonar å få den som blir 2. kandidat til årsmøtet i Voss Venstre tirsdag 17. febr.! (Her vil vi også invitera nabolaga.) Merk av datoen!! Møtet blir på Vestnorsk kulturakademi på Tvildemoen kl. 19.30.

Av saker som var oppe i utvala i Voss kommune i januar bør nemnast:
Formannskapet behandla i møtet 06.01 klagen frå fylkeskommunen over byggjeløyvet gitt til Voss sparebank for ombygging og tilbygg. Venstre føreslo primært at det burde leggjast ned byggje- og deleforbod, med tanke på å få gitt bygningen varig vern. Men både dette, og eit sekundært framlegg om at noverande bygning i større grad burde visa dei historisk arkitektoniske særdraga, fall. Berre SV støtta Venstre.

Ordføraren melde seg inhabil p.g.a deltaking i representantskapet for Voss sparebank då saka vart fremja. Men andre medlemer i formannskapet, som også er med i representantskapet, rekna seg som habile. Underteikna sende derfor eit brev til ordføraren om om kvifor det her var skilnad. Brevet førte til fleire store oppslag i «Hordaland».

I Utval for miljø og kultur 22. 01. var det lang diskusjon om bygging av ny stølsveg i Ljosanddalen på Mjølfjell — mot Borgarbu. Administrasjonen føreslo —m.a. med tilvising til tilråding frå Fylkeskommune, turlag m.fl. , og at området høyrer til verdsarvområdet – å avslå søknaden om 1400 m. veg, men kunne tilrå ca. 650m.. Venstres repr.; Anne Jorun Ryum Møen, føreslo først synfaring. Det fall. Deretter vedtok fleirtalet på 5 (SP, 2 frå AP og FRP) å gå inn for 1400m! I tillegg til Venstre, stemte SV, KrF og ein frå Ap, dvs. 4, for adm. sitt forslag.

Utvalet slutta seg elles til — med mindre endringar — framlegget til ny klima- og energiplan for Voss. Den kjem opp i kommunestyret 19.febr. . (Då skal KST også behandla kva tiltak som dei ekstra statlege vedlikehaldsmidlane skal nyttast til, og m.a. retningsliner for eigarskapskontroll for dei selskapa kommunen er eigar eller deleigar av f.eks. Voss energi og Voss eigedom. )

I kommunestyremøtet 29.01I var fleire saker om arbeidsoppgåver for kontrollutvalet; eigarskapskontroll i selskap kommunen eig, og kva av kommunen sine arbeidsområde som burde sjåast nærare på dei neste åra (såkalla forvaltningsrevisjon.)

Elles vedtok KST reguleringsplan for ny veg frå Ringheimsvegen og opp til Bavallen. (Korleis ein skal få skikkeleg veg frå E 16 opp til Ringheimsvegen, er stadig uavklara.) KST vedtok også å søkja om få forskottera midtdelen, dvs. ny veg frå Trå og opp forbi øverste husa i Bavallsvegen — der vi har dei største problema i dag, både for bebuarane og for trafikantane.

Knut Olav Nestås hadde ein ny interpellasjon om Ja- og Nei-klistremerke til reklame i postkassa. Denne gangen gav ordføraren eit (halvveges) løfte om at alle husstandar i kommunen skulle får tilsendt Nei-klistremerke.

Velkomen til årsmøtet 17. febr. !!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**