Årsmelding 2008 – Hareid Venstre

Hareid Venstre har i 2008 33 betalande medlemer.

Styret har vore samansett slik:
Leiar: Gunn Berit Gjerde
Nestleiar: Annika Brandal
Kasserar: Kåre Grimstad
Sekretær: Ann Helen Grimstad Worren
Styremedlem: Einar Aasen

1.varamedlem: Åse Kristensen Pilskog
2.varamedlem: Eva Britt Gimstad Jøranli

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Styret har hatt to styremøte i løpet av året.

Utsendingar til fylkesårsmøte på Sunndalsøra i mars:
Ole Frank Bakken, Einar Warholm, Maria Måløy.

I juni vart det halde nominasjonsmøte kombinert med sommaravslutning for medlemene på terrassen til Gunn Berit. Det var ein hyggelig kveld med god mat.
Einar Warholm orienterte om aktuelle saker i kommunestyret.
Rundkøyringa på Holstad.
Tomtesituasjonen
Risneset industriområde
Åknes/Tafjord-prosjektet.
Brannvernet må ha ny brannbil.
Bustader for flyktningar.
Ny nettside for Hareid kommune er oppe.
Nattlegevakt i Volda/Myrvåg
Renovasjonssystemet
o Avfallsplassen har snart ikkje kapasitet til meir
o Be om meir fokus på sortering
o God sak for Venstre
Gamle Bigset skule, etterbruk.
Bygdetunet Vonheim.
Gangveg over Eidet — har ikkje kome lenger

Gunn Berit var med på å sette i gang underskriftsaksjon mot oljeleiting på Møresokkelen.

Ole Frank har som einaste frå Hareid teke del på Venstreskulen, både kurs 1 og kurs 2. Han heldt kurs 1 for alle som hadde høve ein kveld i haust. Det er ynskjeleg at fleire kan vere med på kurs neste gong det vert arrangert på fylkesnivå.

Det vart halde eit styremøte kombinert med gruppemøte før kommunestyremøtet om legevaktsamarbeidet. Dette har vore ei sak med sterke meiningar, og Venstregruppa stemte ulikt til slutt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**