Vekta av ein vaksen mann i postkassa di?

Venstre ønska ei ordning der dei som vil ha reklame i postkassa si må seie aktivt “ja takk”. Vi fekk støtte frå ordførar Torill Rolstad Larsen. Men Sosialistisk Venstreparti i Miljøverndepartementet sa nei. Arendal kommune blei nekta dette av det departementet som skal ta mest vare på miljøet!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

reklame 1

Foto:

Venstre har ikkje noe imot reklame, men vi vil sjølv bestemme når vi skal få postkassene våre fulle av reklamen. Da fekk vi nest beste løysinga: Arendal kommune handla raskt og laga nye merke med "reklame neitakk". Derfor har vi med glede klistra merkene vi har fått frå Agder Renovasjon og FN-byen Arendal med nei takk til reklame på postkassene våre.

Roger Homdrom på Eydehavn er ein av dei som har engasjert seg i miljøkampen og tatt jobben med å dokumentere papirmengda: "Nå har jeg avsluttet mitt lille prosjekt vedr veiing av all reklame jeg mottok i postkassen i løpet av 2008. Totalen for 12 måneder endte på 91.833 gram altså ca 92kg. Det varierer fra i underkant av 6 kg til i overkant av 10 kg pr måned."

Sagt på ein annan måte: Vi får meir enn vekta av ein godt vaksen mann i kvar postkasse i kommunen kvart år.

Kjapp hovudrekning viser at ca 17000 husstandar i Arendal x 92 kg gir ca 1500 tonn papir sendt ut i Arendal. 1500 tonn med uønska papirsøppel i Arendal kan umogleg vere god miljøpolitikk. La oss bruke neitakk-merka aktivt!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**