Spørretime og buss

Anne Margrethe Larsen stilte onsdag spørsmål om busskuttene i spørretimen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


På onsdag som var tok vår stortingsrepresentant opp kuttene i buss og taxus i Stortinget. I Lindesnes Avis kan du lese Stein Inge Dahns kommentar til svaret. Vi i Mandal Venstre mener å ha fått et svar med visse muligheter. Overfor Storting og fjernsyn fikk vi i det minste et mer utførlig svar enn det samferdselsministeren ga i komiteen. Mandal Venstre har ikke gitt seg i denne saken.

Spørsmål og svar gjengis her:

Spørsmål 3

Anne Margrethe Larsen

Foto: Rune Kongsro

Anne Margrethe Larsen (V) [11:02:54]: Jeg har et spørsmål til samferdselsministeren om busstilbud:

«For å nå Norges klimamål og klimagassreduksjon, er det blant annet viktig å satse på et godt kollektivtilbud i byer og mellom byer. Nyttårsgaven til befolkningen i hele Vest-Agder, spesielt i Mandalsdistriktet, er en betydelig reduksjon i busstilbudet. Dette er overraskende og klart i strid med alle festtaler fra et samlet politisk miljø. Bussen er «livsnerven» i et stort bo- og arbeidsmarked og for kveldsaktiviteter. Partene skylder på hverandre, folk fortviler.

Kan statsråden påvirke denne uheldige utviklingen?»

Eirin Faldet hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:03:44]: Fylkeskommunane og Oslo kommune har ansvaret for den lokale kollektivtransporten, med unntak av jernbana, riksvegferjene og Kystruta Bergen—Kirkenes. Innanfor dei frie inntektene sine, altså skatt og rammetilskot, skal fylkeskommunane sjølv prioritere mellom kollektivtransport og andre fylkeskommunale føremål.

Regjeringa er svært oppteken av å sikre kommunane og fylkeskommunane økonomi til å gi innbyggjarane eit godt tilbod. Dette er viktig av mange grunnar, ikkje berre av omsyn til klimagassutslepp. Rammetilskota over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett har derfor vorte auka kraftig under denne regjeringa, og kommunesektoren har fått 30 milliardar kr meir å rutte med i perioden. Dette skal m.a. gi kommunane/fylkeskommunane høve til å utvikle gode tilbod på transportområdet. Dei siste månaders fall i råoljepris — og dermed drivstoffpris — er òg positive for kollektivtransportsektoren.

I tillegg til midlane som vert løyvt gjennom rammetilskotet, kan fylkeskommunane søkje Samferdsledepartementet om øyremerkte kollektivmidlar frå ein eller fleire av tilskotsordningane som Samferdsledepartementet har på sitt budsjett. Ordningane er delvis innførde, delvis styrkte, under denne regjeringa, og eg vil nemne tre:

Gjennom fylkeskommunane kan dei største byområda søkje midlar frå belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk. Denne ordninga vart innførd i 2004, med ei løyving på 100 mill kr. For 2009 er løyvinga 323 mill. kr Ordninga har som formål å påverke transportutviklinga i dei største byområda slik at fleire vel kollektivtransport framfor eigen bil. Det er ein føresetnad at midlane vert nytta til å betre kollektivtransporten si konkurranseevne overfor personbil, men utover dette vert det ikkje lagt føringar på kva slags tiltak midla kan finansiere.

I tillegg til å styrkje kollektivtransporten i storbyområda, styrkjer Regjeringa kollektivtransporten i distrikta. I 2007 sette Regjeringa i gong programmet «Betre kollektivtransport i distrikta». Løyvinga til dette programmet er på 21 mill. kr i 2009. Programmet er eit samarbeid med fylkeskommunane, og alle fylkeskommunar vert inviterte til å søkje. Målet er å gjennomføre tiltak for å vise korleis kollektivtilbodet til reisande i distrikta, eller mellom distrikt og tettstad eller storby, kan styrkjast gjennom meir effektiv samordning av ressursar og verkemiddel.

Ordninga med tilskot til tilgjengelegheitstiltak er òg retta mot fylkeskommunane, og har som føremål å stimulere arbeidet lokalt for betre tilgjenge for funksjonshemma til kollektivtrafikken. Òg desse midla vert nytta til kollektivtiltak, og dei fleste av tiltaka kjem alle passasjerar til gode. Det er avsett 56 mill. kr til ordninga i 2009.

Regjeringa vil fortsetje arbeidet med å styrkje det generelle økonomiske handlingsrommet for kommunar og fylkeskommunar. Regjeringa vil òg vidareføre satsinga på kollektivtransport. Når det gjeld prioritering mellom dei ulike lokale tilboda, meiner eg fylkeskommunen saman med kommunale styresmakter er best eigna til å vurdere kva slags kollektivtilbod som er best for innbyggjarane lokalt. I dette ligg òg å prioritere slik at kollektivtilbodet samla sett blir best mogleg innanfor dei disponible rammene ein har. Eg meiner dette er ei rett tilnærming, og ynskjer ikkje noka sterkare styring av fylka på dette området.

Anne Margrethe Larsen (V) [11:07:05]: Jeg takker for svaret.

Jeg er jo innforstått med at det er fylkeskommunen som her har et hovedansvar for å gi innbyggerne et godt busstilbud, og statsråden nevnte mange faktorer. Det med økte priser har vært diskutert, samtidig er det et stort sprik mellom inngåtte lønnsavtaler og statens bidrag. Har ikke statsråden og staten her et ansvar?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:07:36]: For å sikre rekruttering til det viktige bussjåføryrket har det vore nødvendig å betre rammevilkåra. Me stod i ein situasjon der ein hadde ei svært dårleg rekruttering, og eg håpar at me no evnar å betre ho.

Løyvingane til fylkeskommunane er betydeleg styrkte under denne regjeringa. Kva prioriteringar dei ulike fylke vel å gjere innanfor sine rammer, er det vanskeleg å styre, og det er heller ikkje ynskjeleg at me skal styre dei. Den tilliten har eg til våre fylkespolitikarar at dei evnar å gjere det på beste måte.

Anne Margrethe Larsen (V) [11:08:19]: Jeg takker for oppfølgingssvaret.

Innbyggerne i Vest-Agder — det gjelder spesielt dem i Mandal-distriktet — er veldig fortvilet over denne situasjonen. Med færre bussavganger går jo dette i helt gal retning — ja, vi kan risikere å få flere biler på veiene. I Kristiansand meldes det om nedgang i antall busspassasjer på grunn av framkommelighet i byen.

Som statsråden nevnte i sitt hovedsvar, er belønningsmidler et veldig viktig tiltak her. Belønningsmidlene til kollektivtrafikken er derfor svært avgjørende for den videre satsingen i Vest-Agder. Er statsråden villig til å gi distriktet et solid løft, med belønningsmidler til kollektivtilbud?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:09:09]: Det er laga eit regelverk for påskjøningsordninga. Det er fastsett kven som kan søkje, og òg i Agder — med Kristiansand og omland — er ein velkomen til å søkje.

Det som er fint, er at ein i Kristiansand-området har lyfta opp kollektivtilbod som eit viktig tiltak. Ein prøver verkeleg å gjere noko for å avgrense biltrafikken. Det gjer at ein sjølvsagt òg kjem i ein posisjon der det er mogleg å få sin del av midlane. Eg har ikkje fordelt midlane for 2009, så eg kan ikkje kommentere det, men eg vil sjå på dei områda der ein verkeleg tek grep for å redusere bilbruk og få ei miljøvenleg utvikling i trafikken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**