ÅRSMELDING 2008 — GOL VENSTRE

Gol Venstre har også i 2008 hatt eit aktivt år

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Gol Venstre har også i 2008 hatt eit aktivt år med i alt 17 medlemsmøte/gruppemøte/ styremøte/ møte i kommunestyregruppa. og 2 fellesmøte med dei andre venstrelaga i Hallingdal. Det eine møtet var 6. januar i samband med felles årsmøte på Ål. Her stod transport med jernbane i fokus. Ordførar i Ål, Thorleif Dalseide orienterte om arbeidet i " Forum Nye Bergensbanen" der han er leiar.
Det andre møtet var om "Venstreskulen" ein kurskveld på Ål halde av leiar i Buskerud Venstre
Hallingtinget møtast to gonger i året. Hallvor Lilleslett er Gol Venstre sin representant her.

Politisk arbeid
Gol Venstre har tre representantar i kommunestyret:
1. Hallvor Lilleslett, Gol Venstre sin representant i formannskapet, gruppeleiar.
2. Vlasta Sundmoen, Gol Venstre sin representant i Utval for Kultur og Levekår (UKL)
3. Helge Feet, Gol Venstre sin representant i Utval for Natur og Næring (UNN)

Vara til kommunestyret: 1. Ingebjørg By Teigen, 2. Jan Kattenberg, 3. John Henning Johannessen. Alle har vore innkalla til kommunestyret i 2008.

Elles er Gol Venstre representert i mange råd og utval. Mildrid Nesheim er leiar i kontrollutvalet

Av større politiske saker Gol Venstre har vore oppteken av i året 2008 kan nemnast:
Hallingmoprosjektet er i startfasen. Her har Gol Venstre m.a. ivra for å få med ein representant frå skuleverket i prosjektgruppa.Det er no i orden.
Budsjettarbeidet har krevd mykje tid og energi, særlig i UKL.
Gol Venstre v/ Hallvor har sendt brev til ordføraren og halde interpellasjon der han har bede om "Utgreiing av spørsmålet om innføring av eigedomsskatt i heile kommunen" for å auke kommunen sine inntekter.
Interpellasjonen vart fulgt opp av lesarinnlegg og redaksjonelt oppslag.
Gol Venstre v/ Hallvor stilte spørsmål til ordføraren i kommunestyret om omsorgaavdelinga og ressursbehov etter tilsynsrapport frå fylkesmannen.
Gol Venstre v/ Hallvor hadde interpellasjon om kulturinnslag frå kulturskulen før kommunestyremøta. Dette fekk tilslutning frå alle partia. På kvart av dei seinare kommunestyremøta har det vore kulturinnslag anten i starten eller under møta.
Etter "Venstreskulen" i mai samla alle leiarane i venstrelaga i Hallingdal seg om eit lesarinnlegg om betre kjeldesortering på avfall.
Gol Venstre har ved fleire høve snakka om korleis styrke skulen i Gol. Dette var hovudtema på eit eige medlemsmøte der rektor ved Gol Skule Ingebjørg By Teigen innleia til debatt.
Gol Venstre støtta framlegget til ny modell av grunnskulen i Gol med nybygg for 1 — 10 klasse.
Gol Venstre sine representantar har også dette året hatt mange innlegg i kommunestyret og elles vist stor politisk aktivitet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**