Vent med eigedomsskatt i Fjaler

Venstre i Fjaler meiner det vil vere rett å vente med innføring av eigedomsskatt for næringslivet i kommunen til ein ser kva som kjem ut av satsinga på Lutelandet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Denne fråsegna vart vedteke på årsmøtet i Fjaler Venstre den 5. januar 2009:

Vent med eigedomsskatt i Fjaler

Venstre i Fjaler meiner det vil vere rett å vente med innføring av eigedomsskatt for næringslivet i kommunen til ein ser kva som kjem ut av satsinga på Lutelandet.
Dei fleste bransjane opplever i desse dagar økonomiske nedgangstider med dårlegare rammevilkår og lågare aktivitet. Frå før er det kjent at delar av næringslivet i Fjaler er sårbart. Årsmøtet i Fjaler Venstre meiner difor det er feil medisin å pålegge det lokale næringslivet auka kostnader med ein ny skatt — i ei tid då bedriftene treng økonomisk armslag for å kunne trygge arbeidsplassar og skape ny aktivitet.
Også Venstre ser at Fjaler kommune vil kunne nyte godt av framtidige skatteinntekter av ei positiv næringsutvikling på Lutelandet. Men å fatte eit eventuelt vedtak om kommunal eigedomsskatt allereie i år, er ei forhasta avgjerd. Slike vurderingar bør overlatast til det nyvalde kommunestyret i 2011.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**