Året har vore prega av normalt politisk arbeid både lokalt og på fylkesplan. Leiaren i Hå Venstre, Tom Henrik Rosseland, er også kasserar i Fylkesstyret noko som gir god kontakt med det politiske arbeidet elles i fylket og styremedlem Jon Arne Silgjerd har også vore medlem i nominasjonsnemnda til stortingslista.
Heile det sitjande styret tok gjenvalg og ser nå slik ut : Leiar — Tom Henrik Rosseland, kasserar — Mindor Hatlegjerde, sekretær — Jon Arne Silgjerd og styremedlemmer — Albert Moe, Oddvar B. Høyland og Anne Kathrine Edland.
Årsmøtet vedtok også å støtta utspelet om stemmerett for 16-åringar samt å be Hå kommune om å starta med å kringkasta kommunestyremøta på web-tv.
Den komande stortingsvalgkampen vart også drøfta for å sjå på korleis lokallaget skal involvera seg i denne. Det er all grunn til å vera optimistiske med omsyn til stortingsvalget — til og med i Hå — og spørsmålet blir korleis ein kan få med seg fleire av stemmene frå stortingsvalg over til lokalvalget neste gong.