Dei tre partia meinte at det etter budsjettvedtaket i desember rår ein heil del uvisse om realitetar og konsekvensar av vedtaket både når det gjeld omfang, innhald og organisering av tilbodet. Etter tre års prosjektprøving er Fjaler kommune å rekne som ein føregangskommune på dette fagområdet. Det er såleis viktig at kommunestyret får høve til å drøfte dette som eiga sak slik at kommunen kan halde fram med å sikre eit best mogeleg tenleg tilbod til innbyggarane også for framtida.
Ordførar Helle svara at han ikkje ville setje saka på saklista. Dermed blir det opp til kommunestyret å avgjere om spørsmålet skal takast opp som eiga sak.