Giske Venstre på fylkesårsmøtet 2009

Tre delegatar frå Giske Venstre, samt ein observatør møtte i helga på fylkesårsmøtet og nominasjonsmøtet til Møre og Romsdal Venstre i Ålesund.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


På dagsorden var i tillegg til ordinære årsmøte saker, mellom anna vedtak av resolusjonar, val av delegatar til landsmøte og val av kandidatar til stortingsvalsliste.

Ove Paulsen, Geirmund Oltedal, Britt Giske Andersen

Foto: Ove Paulsen

Utsendingane frå Giske Venstre var Ove Paulsen, Geirmund Oltedal og Britt Giske Andersen. Anne-Lise Roald møtte som observatør.

Resolusjonar
Ove Paulsen var leiar i resolusjonsnemda. Nemda arbeidde godt, og av dei totalt ni resolusjonane som hadde kome inn til nemda, valde årsmøtet å prioritere fire resolusjonar som uttaler frå Årsmøtet.

– Drifta av redningsskøytene må opprettholdes!
– Momsfritak for frivillige organisasjoner
– Ny teknologi for kabling av kraftlina mellom Fardal og Ørskog
– Tiltakspakke for eksportnæringen
Les resolusjonane her:

Leif Helge Kongshaug på talerstolen under Venstres Landsmøte 2008 (croppet versjon).

Foto: Christoffer Biong

Leif Helge Kongshaug heldt innlegg der han presenterte sine betraktningar over kjernesakene til Venstre inn mot stortingsvalet 2009. Deretter vart det debatt omkring forslaget til stortingsprogram, samt diskusjon rundt dissensar og endringsforslag frå årsmøtet. Leif Helge Kongshaug vart laurdag einstemmig vald til 1.kandidat på stortingsvalslista for Møre og Romsdal Venstre.

Rita Sletner

Foto: Audun Halaas

Rita Sletner heldt eit engasjerande og godt innlegg om sosialt ansvar. Sletner er frå Eidsberg og var statssekretær under Odd Einar Dørum i Justisdepartementet i perioden 2001 — 2005. Sidan 2005 har ho arbeidd i Venstres Hovedorganisasjon. Hun har eit brennande hjarte for sosialpolitikk, likestilling og menneskerettighetsspørsmål. Rita Sletner har også vore leiar for Regjeringas valdtektsutvalg, som la fram sine konklusjonar våren 2008. Ho er også Austfold sin førstekandidat til Stortingsvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**