Leif Helge Kongshaug vart allereie laurdag einstemmig valt som 1. kandidat på lista til stortingsvalet. Andreplassen var truleg den plassen det var knytt størst spaning til. Karl Andre Birkhol, varaordførar i Stranda, slo til slutt Kirsti Dale frå Ålesund knepent på målstreken då kandidatane fekk omlag halvparten av stemmene kvar. Birkhol hadde derimot det avgjerande fleirtalet, og sikra dermed andreplassen. Frøydis Austigård frå Molde vart einstemmig innvalt på 3. plassen, og Iver Nordseth frå Smøla på 4. plassen.
Anne-Lise Roald vart valt med 49 mot 19 stemmer i kampen om 5. plassen på stortingsvalslista. Dersom Møre og Romsdal Venstre får inn ein representant på Stortinget til hausten, og lista held seg utan endringar, vil det seie at Roald blir 4. vara for Møre og Romsdal Venstre på Stortinget. Roald vart også valt som medlem i valkamputvalet i fylket, samt som ein av delegatane frå Møre og Romsdal til landsmøtet i Stavanger til våren.
Stortingslista for Møre og Romsdal Venstre:
1. Leif Helge Kongshaug, Averøya
2. Karl Andre Birkhol, Stranda
3. Frøydis Austigard, Molde
4. Iver Nordseth, Smøla
5. Anne-Lise Roald, Giske
6. Steffen Falkevik, Ålesund/Unge Venstre
7. Gunnhild Dahle
8. Ragnhild Helseth
9. Jens Johan Hyvik
10. Heidi Høgseth
11. Trond Hansen Riise
12. Eli Skaatun
13. Børge Rød
14. Ole Frank Bakken
15. Boel Kvam