Vekk med alkoholen!

Skodje Venstre ynskjer alkoholsalet vekk frå daglegvarehyllene. Årsmøtet 19. januar vedtok ein resolusjon om dette

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


ALKOHOL – EI DAGLEGVARE?

Vi vil at alkoholen skal bort frå daglegvarehyllene.

I samfunnsdebatten i Noreg i dag er det rusmiddel som narkotika og tobakk som er dei store syndarane. Narkotika er kriminalisert og tobakken har ført til ny lovgiving – vi skal vernast mot tobakksrøyk. Ja, vi skal endå til vernast mot å sjå tobakkspakkane i butikkane.

Med alkoholen derimot er det ikkje så nøye. Den er i dei fleste daglegvarebutikkane lett synleg, du må forbi den på runden for å finne mjølk og brød. Den står der lett fristande på hyllene ved sidan av potetgull, peanøtter og andre helsefremjande varer. Om det er litt uklart i hyllestrukturen kan du lett ta feil mellom alkoholhaldig drikke og alkoholfritt alternativ. Skulle du kome i butikken etter at alkoholsalet skal vere slutt for dagen er det slett ikkje sikkert at vara er tildekt, sjølv det i mange kommunar er føresegner som krev det. Men dette er vel bagatellar?

Dei som arbeider innan rusomsorg og psykiatri seier noko anna. Alkoholen er minst like farleg for oss som tobakk og narkotika. Den kan vere starten på mykje problem.

Skal vi halde fram med å eksponere barn og unge for alkohol ved at dei dagleg møter desse varene i butikkhylla – Skodje Venstre meinar at tida er inne for å flytte alkoholsalet under disk igjen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**