Forakt for demokratiet?

23. april 2007 vedtok bystyret i Bergen einstemmig å opne Frederiksberg fort for publikum. Fortet er om lag 300 år gamalt, og viktig både som kulturminne og grøntareal. Det var i si tid ein integrert del av festningsverka rundt byen, men blei i 1872 overlate til Bergen kommune og, i motsetning til resten av dei gamle festningsverka, heldt lukka for publikum av kommunen heilt sidan då.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Vedtaket i bystyret kom etter eit innbyggarinitiativ der over 300 bergensarar skreiv under på at dei ønskte å opna fortet.

Det einaste som tilsynelatande har skjedd sidan då, er at byråd Lisbeth Iversen har sendt saka frå seg til byråd Christine B. Meyer. I BT 20. januar seier Meyer at ho vil vurdere om ho skal gjennomføre det einstemmige vedtaket i bystyret. Ho viser til at Bergen Kommunale Bygg meiner det må settast opp gjerde og etablerast vakthald på fortet før det kan opnast for publikum. “Da må vi se på hva dette vil koste, før vi kan ta stilling til hva vi gjør”, seier Meyer. Men dette er nøyaktig det same som BKB sa i høyringsuttalelsen sin til bystyret, datert 22. januar 2007, for ganske nøyaktig to år sidan! Ein må spørje seg om nokon sidan då har lagt to pinnar i kors for å komme vidare med dette, eller om ein rett og slett har bestemt seg for å trenere det heile til folk har gløymt saka.

Ordninga med innbyggjarinitiativ, som inneber at ein kan få saker til behandling i bystyret dersom ein samlar inn 300 underskrifter, vart innført i 2004 for å auka engasjementet for prosessane som skjer i kommunestyre eller fylkesting og for å auka folk sitt engasjement i det politiske systemet. Utvalet som la fram ordninga skildra ho som “ein ny og viktig demokratisk rett”. Frederiksberg-saka såg først ut til å vera ein god start for denne ordninga i Bergen kommune, då ho vart teken opp til behandling og einstemmig vedteken. Men om byrådet nektar å følgja opp vedtaket, hjelper dette lite. At byrådet tilsynelatande har lagt saka i skuffa i to år vitnar om manglande forståing for denne nye og viktige demokratiske retten.

Det er i utganspunktet vanskeleg å forstå at det skal vera umuleg å få gjennomført ei opning av Frederiksberg fort for publikum, når ein ser at fort og festningsverk er opne for publikum over heile Noreg og i heile Europa. Det blir lettare å forstå, dersom tilfellet er at ein slett ikkje har prøvd å gjera noko. Me krev at den ansvarlege byråden gjer greie for kva som blir gjort for å få Frederiksberg opna til sommaren, og ikkje berre siterar formuleringar frå eit to år gammalt dokument.

• Sara Henriksen, bystyrerepresentant for Venstre
• Øystein Brekke, styremedlem i Bergen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**