Venstre om livssynsveileder i Arendalsskolen

På vegner av Venstregruppa heldt Jan Kløvstad dette innlegget i bystyret i kveld:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Venstre vil stemme for rådmannens forslag til Veileder for Arendalsskolene om livssynsorienterte aktivitetar. Forslaget følger dei vedtatte nasjonale retningslinjene og det er i tråd med dei menneskerettsprinsippa som er slått fast i Strasbourg.

Jan Kløvstad

Foto: Åsmund Aqissiaq Kløvstad

Religion og livssyn har ein sjølvsagt plass i det offentlege rom og vi skal vere rause med finansieringsordningar for trus- og livssynssamfunn. Tru og livssyn er etter Venstres meining ei heilt personleg sak, slik det står i ei god bok eg fekk av søstera mi til jul, – "Mot til å håpe" av Barack Obama. Der skriv Obama at han i respekt for kyrkje og stat meiner både kyrkje og stat får best vekst kvar for seg.

Det norske samfunnet er prega av kristne og humanistiske verdiar og tradisjonar. Staten og andre offentlege institusjonar skal i toleransens namn vere upartiske. I skolen har vi eit felles livssyn-, etikk- og verdifag som gir kunnskap om ulike religionar og livssyn, og innføring i etiske prinsipp og verdiar. Dette faget skal vere livssynsnøytralt.

Yngvar Langås har lagt fram eit revidert forslag til møtet i dag. Det har betra seg, men vi kan ikkje sjå at det er betre og meir framtidsretta enn rådmannens forslag. Høgres Linda Skjulestad, SVs Hayette Mahmoud og Aps Line Haugland og Atle Svendal hadde innlegg som etter mi oppfatning inneheldt veldig mykje klokt, og Høgres endringsforslag ligg på mange punkt nær rådmannens forslag. Takk til Linda Skjulestad som trekte forslaget sitt, olg på den måten rydda i skogen av forslag.

Utgangspunktet vårt er rådmannens gjennomarbeidde forslag, eit forslag som også ifølge Yngvar Langås slett ikkje er noen ulykke. Eg håpar både Høgre, SV, dei i Ap som følgjer Line Haugland, vi i Venstre og alle andre i salen vil samle seg om rådmannens forslag.

Det var da tre forslag, – frå rådmannen, Yngvar Langås og FrP ved Åshild Haugland. I avstemminga stemte 19 for rådmannens forslag, 10 for Yngvar Langås sitt forslag og 10 for Frp sitt forslag. Arne Austenå trekte Frps forslag og bad om alternativ avstemming mellom rådmannens og Yngve Langås sitt forslag.

I endeleg avstemming fekk Yngvar langås sitt forslag 21 stemmer og rådmannens forslag 18 stemmer.

Eit tilleggsforslag til pkt 6 frå Line Haugland, Ap, om at organisajsonar som får innpass i skoletida ikkje skal kunne diskriminere, blei vedtatt med over 30 stemmer. Noen frå FrP og halve KrF stemte mot.

Delar av mindretalet, medrekna Venstre, bad om at Fylkesmannen tar lovlegheitskontroll av vedtaket. Kravet blei fremma av Atle Svendal, Ap.

Les også om debatten i Arendals Tidende.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**