Interpellasjon om uadressert reklame

For andre gong tok Venstre denne saka opp i kommunestyret. Lokale initiativ kan ikkje lengre berre omhandle ord, me må følgje opp det me seier gjennom forpliktande vedtak!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Voss Venstre seier seg ikkje nøgd med berre å overlevere ein uttale til Stortinget vedk.endringar i marknadsføringslova. Det kan kven som helst gjere, men me vil gjere meir enn dette!
Kommunestyret veit at norske husholdningar mottek mellom 40-50 kilo uadressert reklame i sine postkasser kvart år. Dei veit og at det føreligg undersøkingar som viser at berre to av ti faktisk ynskjer reklamen, og det meste blir derfor kasta rett i papiravfallet. Det burde vere unødig og sei, men eg gjer det likevel: Ei slik omvending av dagens reservasjonsordning vil kunne spare miljøet for store klimagassutslepp, både med tanke på mindre produksjon og transport av papiret.

På bakgrunn av dette stilte eg i kommunestyremøte 29.01.09 følgjande spørsmål til Ordføraren: «Trass i at regjeringa har sagt nei til denne ordninga. Kva meiner ordføraren om å søke regjeringa om å få bli ein forsøkskommune for spegelvending av dagens reservasjonsordning mot uadressert reklame?» (M.a.o: Vossingar må nytte eit «Ja takk» klistremerke, viss dei ynskjer reklame, husstandar elles vil ikkje motta uadressert reklame. )
Svaret var at ordføraren kunne vere tilbøyeleg til å sende ut «nei takk» klistremerke til hushaldningane i Voss Kommune. Dette er i og for seg vel og bra, men dette bør vere eit alternativt vedtak, viss ikkje ein kan bli ein forsøkskommune for ei spegelvending av dagens reservasjonsordning. Det er dette som verkeleg kan bidra til å redusere mengda av uadressert reklame.

Det kjem ikkje på tale at Venstre gjev seg med dette. Me vil gjere det me kan for å ta denne saka vidare!

Knut Olav R. Nestås
Kommunestyrerepr.,Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**