Frå bystyredebatten: Vent med å evaluere redusert skjenketid

I debatten om evaluering av redusert skjenketid i Arendal, hadde Venstres gruppeleiar Jan Kløvstrad dette innlegget:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Venstre støtter sjølvsagt at det blir retta opp i trykkfeil i ekspederinga av eit bystyrevedtak. Når vi tar ordet er det for å peike på at vi har vedtatt å evaluere ordninga med redusert skjenketid så tidleg som 1. mai i år. Vi trur at dette er for kort tid til å sjå om om det har blitt endringar. Vi bør vente med evaluering eit år, eller i alle fall til godt over sommaren. Vi ser nå at Oslo vil redusere skjenketidene, vi ser at fleire byar vil det. Vi ser at Reykjavík har utvida åpningstidene med det både tilhengarar og motstandarar av utvida åpningstid har kalla eit bortimot katastrofalt resultat.

Det vil alltid vere vanskelegare å stramme inn enn å utvide, – vi veit jo at det er lettare for dei fleste å legge på seg enn å slanke seg. Vi veit at det er lettare å få aksept for å vere lenger oppe enn å gå tidlegare i seng. Da friskluftloven, også kalt røykeloven, blei innført var det mange protestar og trass i starten. Men nå er vel alle samde om at det er ein god lov?

La oss ta eit år til før vi har noen evaluering.

Eg stiller ikkje konkret forslag i dag, vil berre varsle om at vi bør ha njoe lenger prøvetid før vi trekker dei faste langsiktige konklusjonane når vi som avtalt får opp saka i april/mai.

Åshild Haugland, Frp, viste til at ordførar og politistasjonssjef alt har slått fast at dei reduserte åpningstidene har virka. Jan Kløvstad svarte, til humring i salen, at det er betryggande at represnetanten Haugland vil stemme for å fortsette med reduserte skjenketider.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**