Meir informasjon om Venstre og jubileet finn du her .
– Venstre var det leiande reformpartiet i Noreg. Vi la grunnlaget for innføringa av folkestyret, utbygginga av den offentlege skulen og skipinga av velferdsstaten, seier stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen.
Nye samfunnsreformer for miljø, kunnskap og velferd
Det går ei sentral linje i Venstre frå 1884 til 2009.
– Då som no går vi i spissen for store samfunnsreformer, seier Ludvigsen og trekker linene til utkastet til nytt stortingsvalprogram der miljø, skule og velferd utgjer hovudsakene.
Utkastet til nytt program peiker på tre kjernesaker for partiet i neste periode på Stortinget:
Å ta skrittet over i lavutslippssamfunnet. Overgang frå å vere ein fossilnasjon til å bli eit moderne samfunn basert på fornybar energi. Bevare naturen, miljøet og ressursane våre for ei bærekraftig framtid.
Å bygge kunnskapssamfunnet. Ei storstilt satsing på skule, kunnskap og forsking. Fleire gründerar og nye bedrifter.
Å reformere velferdssamfunnet. Meir behandling, betre pleie og meir omsorg i folk sitt nærmiljø. Styrke lokaldemokratiet gjennom nye, sterkare kommunar som er i stand til å overta velferdsoppgåver frå staten.
– Dette krev mellom anna ei storstilt satsing på skole, kunnskap og forsking. Vi må også styrke lokaldemokratiet gjennom nye, sterkare kommunar som er i stand til å overta velferdsoppgåver frå staten. Vi pøser inn pengar i helsevesenet og spesielt sjukehussektoren utan at køane reduserast tilsvarande og at kvaliteten på helsetenestene er gode nok. Fleire helseoppgåver må i framtida løysast nærare den einskilde borger. Dette krev ein omfordeling av ressursar til kommunane og primærhelsetenesta. Det vil gje meir behandling, betre pleie og omsorg i folks nærmiljø, poengterer Gunvald ludvigsen.
Trur på sterkt Venstre og regjeringsskifte
– Som parti står Venstre sterkare enn på over tretti år, meiner Gunvald Ludvigsen .
Valresultata i 2005 og 2007 på rundt 6 prosent er betre enn alle val sidan 1972. Medlemstalet auka i 2008 for femte år på rad, og med over 7000 medlemmer står Venstre langt sterkare som organisasjon.
– Med jubileet i dag er også den lange valkampen i gang. Målsettinga er klar: Ni prosent og regjeringsdeltaking, seier Ludvigsen som vil ha ei ny borgarleg regjering med Venstre, Høgre og KrF.