Årsmelding frå Ørskog Venstre

Ørskog Venstre har avvikla årsmøte, her kan du lese årsmeldinga

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Ørskog Venstre

ÅRSMELDING 2008

Årsmeldinga tek for seg perioden frå årsmøtet 2007 til utgangen av 2008.

Årsmøte 2007:
Måndag 3. desember 2007
Sjøholt Brygge — (Ola Sønderland)
5 medlemmer møtte
Innkalling og sakliste — godkjende
Ordstyrar: Ola Sønderland — Skrivar: Ragnar Bakken
Årsmelding 2007: Godkjend
Rekneskap 2007 — revidert — godkjent.
Kontingent 2008 — 50 kr pr medlem lokalt.
Val:
– Ragnar Bakken — leiar/sekretær 2008
– Knut Sørdal — kasserar 2008-2009
– Åse K. Gjære — styremedlem — 2007- 2008
– Heidi Heggem Knutsen — styremedlem – 2008-2009
– Vara: 1. Ingar Walbø 2007-2008 — 2. Gro Christiansen 2008-2009 — 3. Frode Synnes 2008-2009 — 4. Randi Otnes 2007 — 2008.
– Revisorar — 2008: Olav Maridal — Ingar Walbø
– Valnemnd 2008: Ola Sønderland — Asbjørn Søvik
– Utsendingar årsmøtet MRV: Repr. frå styret m/vara.
Andre saker: Hurtigtogbane til vårt distrikt. Rekruttering av nye medlemmer. Aktuelle lokalpolitiske saker: Trafikktrygging Sjøholt sentrum — E136 gjennom Ørskog — Budsjett 2008.

Meldingsåret 2007 — 2008:
– Kommunestyregruppa valperioden 2007-2009 — arbeidsåret 2008:
Knut Sørdal — Åse Karin Gjære — Heidi Heggem ( Synnøve Viseth SP frå hausten 2008 — då Heidi Heggem flytta frå kommunen) – Ragnar Bakken frå Venstre
Odd A. Nybø frå KRF — Karl J. Vaksvik frå SP
Gruppa har halde møte som oftast måndagane i forkant av kvart kommunestyremøte.
Møtetidspunkt: 18.00 — Stad: Ingeborgstova.
Saker til drøfting: Kommunestyresakene jf. saklister — og andre aktuelle politiske saker.
Kommunestyremøta har vore haldne slik i denne perioden:
20.12.07 — 31.01.08 – 28.02 — 24.04 — 29.05 – 19.06 — 28.08 — 25.09 — 30.10 — 27.11 — 18.12.08

– Styremøte, aktivitetar, representasjon m.m. 2008:
– Styremøte 29.01.08: Saker: — Statstilskot — Fylkesårsmøte — Venstre 125 år m.m.
– 12.02.08: Møte mellom styret og leiar i Fylkestingsgruppa Gunn Berit Gjerde. Ei rekkje saker vart drøfta: Valet 2007 — situasjonen i Ørskog – Politisk arbeid /kommune/fylket — Utfordringar framover — Samferdselsoppgåver — Ørskog v.g. Skule — Medlemsverving — Psykisk helse m.m.
– Fylkesårsmøte 1. – 2. mars 2008 — Sunndalsøra — utsendingar frå Ørskog var Ola Sønderland og Ragnar Bakken. 3 resolusjonar frå Ørskog Venstre.
– Styremøte 16.06.08 med desse sakene: Statsstøtte — Kommunal støtte — Styremedlem opprykk — Venstreskolen — Stortingsvalliste – Skriv og meldingar.
– Styremøte 22.09.08: Venstreskolen — Stortingsvalprogram — Kommunestruktur — Tilskot — Interpellasjonar.
– 20.10.08: Venstreskolen — Ørskog Venstre arrangør — 4 timar — ca 10 deltakarar. Kurshaldar var nestleiar MRV Jens Johan Hyvik.
– 25.10.08: Representantskapsmøte Møre og Romsdal Venstre — Molde — Frå Ørskog deltok Ola Sønderland og Ragnar Bakken.
– Uttalar: Kommunestruktur — jf utkast til Stortingsvalprogram.
– Framlegg kandidatar til Stortingsvallista for MRV valet 2009.
– Avisinnlegg — i hovudsak Bygdebladet. Laget har hatt ei rekkje innlegg og orienteringar i avisa.
– Medlemsverving: Lite har skjedd knytta til det å få fleire medlemmer til laget. Pr 31.12.08 har laget 19 registrerte medlemmer — dei fleste har betalt kontingent for 2008.
– Nettside. Ørskog Venstre har eiga nettside. Inngang gjennom Venstre si side på nettet. www.venstre.no – vidare til fylkeslag — og lokallag.
– 4. januar 2009: Møre og Romsdal Venstre markerte 125 år med samling på Romsdalsmuseet — Ola Sønderland og Ragnar Bakken tok del.

Kontakt:
– Kontakten i høve fylkeslag og Venstre sentralt har vore jamt god.

Utsendingar:
– Ørskog Venstre har vore representert på ulike Venstresamlingar — jf ovanfor.

Aktiviteten lokalt har i hovudsak vore knytta til lokalpolitikk i k.styre — f.skap og utvalg.

Sentrale lokalpolitiske saker i 2008 — eit utplukk frå kommunestyret sine saklister:
– Budsjett — økonomiplan — rekneskap — økonomioversyn — Steinholt busenter — ulike reglement —
420kV-linje Ørskog/Fardal – årsmeldingar — ymse valg — høyringar — veterinærtenesta –
plansaker — reguleringsplanar — handlingsplanar — Åknes/Tafjord — landbrukssamarbeid — leikeplass Skarbø -samferdselssaker — pleie-og omsorgstenesta (PLO) — seniorpolitisk plan – nasjonal transportplan — hoppbakkar Sjøholt sentrum — Årøyhaugen barnehage — Kunnskapsløftet – barnehageplassar – konstitueringssaker — NAV — brannstasjon — vegar i Haukås industrifelt — fleirbrukshallen (Ørskoghallen) — Rådhuset — fritak verv — PP-tenesta — org. av barnevernet/interkommunalt.

6240 Ørskog, 14. januar 2009 Ragnar Bakken — leiar/sekretær –

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**