Vellukka fylkesårsmøte

Den 17. og 18 januar hadde Sogn og Fjordane Venstre sitt årsmøte på Rica Sunnfjord Hotel i Førde. Lokallaget i Balestrand var representert med tre utsendingar; Kari Tordis Aarskog, Kari Bolstad og Råmund Nyhammer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Kari vart utpeika som referent, Råmund hamna i redaksjonsnemnda medan Kari Tordis lytta og noterte flittig frå alt som føregjekk.

Dørum på fylkesårsmøtet

Foto: Råmund Nyhammer

Årsmøtet vart ryddig og greitt avvikla; ja, ein vart faktisk ferdig i god tid før lunch og avslutning kl. 14.15 søndag. Stortingsrepresentantane Trine Skei Grande, Odd Einar Dørum og Gunvald Ludvigsen held gode og inspirerande innlegg og mana til innsats for partiet fram til valet.

Som vanleg var det mange forslag til fråsegner. Ein stod til slutt att med seks. Spesielt gledeleg for vårt lokallag var fråsegna som omhandla 420 kV-linja Sogn – Møre. Venstre i fylket seier framleis eit klart nei til luftspenn på denne strekninga. Elles fekk vi Balestrandingar Unge Venstre til å fremje eit nytt punkt i fylkespartiet sin handlingsplanen for 2009: Det skal vere minst ein representant frå Sogn og Fjordane Venstre tilstades når Fylkestinget for ungdom har møte. Dette vart samrøystes vedteke.

redaksjonsnemnd

Foto: Råmund Nyhammer

Det var komme inn ei rad endringsforslag til 2.-utkastet av stortingsvalprogrammet. Utsendingane frå Balestrand støtta eit forslag frå Aurland om å fjerne det avsnittet som omhandlar samanslåing av kommunar, men her nådde vi ikkje fram.

For å få eit meir omfattande referat frå årsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre kan heimesida til fylkespartiet anbefalast på det varmaste.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**