Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen, det naturlege førstevalet

Ungdomskandidat Janne Sørum frå Leikanger står på tredje plass på lista.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


På nominasjonsmøtet til Sogn og Fjordane Venstre fredag 16. januar vart Gunvald Ludvigsen vald til 1. kandidat på stortingsvallista.
Med seg på toppen av lista fekk han Bjørg Mikalsen frå Florø, Janne Sørum frå Leikanger og Gunhild Berge Stang, frå Askvoll.

Toppkandidatane til Sogn og Fjordane Venstre

Foto: Linda Ness Rotihaug

Gunvald Ludvigsen er 59 år, og vår stortingsrepresentant. Han gjekk ved førre val frå funksjonen som ordførar i Eid kommune til å bli Stortingsrepresentant. Ludvigsen er medlem av Stortinget sin helse og omsorgskomité og har gjort ein god jobb for Venstre og Sogn og Fjordane.

Bjørg Mikalsen, 63 år, lektor på Flora vidaregåande skule, bur i Florø. Har vore politisk aktiv i 30 år, er framleis med i kommunepolitikken i Flora. Bjørg har i denne stortingsperioden møtt fleire gonger på Stortinget som vara for Gunvald Ludvigsen.

Janne Sørum, 25 år, student, kjem frå Leikanger. Janne har vore politisk aktiv i fleire år og er leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre. Ho er også fast spaltist i Sogn avis.

Gunhild Berge Stang, 34 år, har hovedfag arkeologi frå universitetet i Bergen. Ho arbeider som rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga. Er i dag leiar i Noregs Ungdomslag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**