Andelslandbruk er ei form for direkte omsetting mellom gardbrukar og forbrukar. Forbrukar kan kjøpe seg inn i drifta, som er delt opp i andelar, og hente ut varer tilsvarande verdien. Matvarene kan dei få levert på døra, eller vera med å hauste sjølve. Saman med produkta får andelseigarane kunnskap og informasjon. I mange andelslag inngår informasjonsbrev om for t.d.vekas grønnsaker, tips om matoppskrifter og kva som skjer på garden.
Fordelen for forbrukarane, er at dei kan vera med å planlegge, og få tilgang til lokalproduserte varer. Dei vil også ha full kontroll over kvar og korleis maten er produsert. Deleigarar får også «jording» med på kjøpet gjennom å delta i arbeidet med jord og dyr. Godt for travle vaksne, og fint for barn å lære om dyr og mat.
Forbrukaren er direkte involvert i drifta og forpliktar seg for eitt år om gongen. Det er ei sosial driftsform, som gir liv og røre på garden, til glede for både forbrukarane og gardseigaren.
Det finst fleire måtar å inkludere arbeid i andelslandbruk på. Ein treng ikkje jobbe som andelshavar, men ein kan. Ein kan finne løysingar der arbeidet kan vekslast inn i varer. Det er også vanleg at ein har ein større dugnad eller to i løpet av året. Det kan vera i samband med slått, såing/planting eller hausting.
I andelslandbruk skal det også vere mogeleg å berre komme på besøk for å treffe dyra eller bonden/tilsette, luka ugras, plukka med seg salat og urter, eller ta ein tur på kulturstien. Eigarskap gir både rettar og plikter.
Andelslandbruk på våre breiddegrader kan produsera både kjøt, egg, grønsaker, urter, blomar og bær. Tilbodet blir utvikla i samarbeid med andelshavararane, ut frå lokalt jordsmonn og klima.
Bodø økologiske besøkshage har vore i drift sidan 1991 og har eit miljø som kan utviklast vidare til andelslandbruk.
Bodin 4H-gård har vore i drift sidan 1998 og kan vera ein flott kombinasjon med andelslandbruk. Inn på tunet tenestar/ grøn omsorg og andelslandbruk har stor nytte av kvarandre.
Les meir om andelslandbruk på www.andelslandbruk.no
Inspirasjonskjelde? Les om Ullandhaug senter for læring, opplevingar og næringsutvikling i Stavanger sentrum på www.ullandhaug-kulturpark.no
Notat av Ingeborg Tangeraas.
Januar 2009.