Inviter Hamas til forhandlingsbordet

Bergen Venstres årsmøte meiner Noreg må arbeide internasjonalt for at EU og USA inkluderer Hamas i formelle forhandlingar om våpenkvile og fred med Israel.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Hamas sitt berykta charter frå 1988, som mellom anna seier at Israel skal utslettast, er ekstremt. Men å meine at Hamas er «for ekstreme» til å bli samtala med er og ein form for ekstremisme. Kven skal forhandlingar om våpenkvile på Gaza inkludere om ein ikkje vil snakke direkte med den organisasjonen som har regjeringsmakta i Gaza?

Tida er inne for det internasjonale samfunnet til å akseptere at palestinarane, gjennom fritt og demokratisk val i 2006, har endra makttilhøva i palestinsk politikk, og med det godkjenne Hamas som offisiell samtalepartnar for fred i Midtausten.

Ved å invitere Hamas til forhandlingsbordet vil ein og, på ein meir effektiv måte enn gjennom isolasjon og trugslar, kunne krevje at organisasjonen tek ansvar for eigne haldningar og handlingar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**