Aktiv for kulturvern i Voss!

Voss Venstre held fram som stor forkjempar for bygningsvern i Voss! Siste saka var spørsmålet om ombygging og påbygging av bygningen til Voss sparebank i sentrum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Denne saka var oppe som klagesak i Formannskapet 15. jan., etter at det administrativt var gitt rameløyve for ombygging og tilbygg. Men klage, m.a. frå Fylkeskonservator, førte saka opp til formannskapet. Venstre ønskte her primært å leggja ned dele- og byggjeforbod med tanke på omregulering til vern, sekundært at noverande bygning i større grad måtte tilbakeførast til sitt opphavelege arkitektoniske uttrykk. Begge framlegga fall – berre SV støtta Venstre. Men det var eigentleg ganske pinleg at ingen andre tok ordet i saka! Heile innlegget frå Venstres repr., Torstein Gunnarson, stod elles på trykk i «Hordaland» for 22.jan. (Ta gjerne kontakt med han for nærmare info.)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**