Sats på ungdomskultur

Sogn og Fjordane Venstre krev at det no vert teke kraftig tak i satsinga på ungdomskultur. Fylket si i særklasse største utfordring er å halde på ungdommen, og ein av nøklane til dette er å sikre gode og mangfaldige fritidstilbod i nærmiljøet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Allereie i dag eksisterer det gode tilbod innan korps, idrett og andre tradisjonelle og rotfesta fritidssyslar. Det er likevel viktig at ein vågar å tenkje alternativt, slik at ein kan femne om flest mogleg ungdommar med ulike interesser. Eit satsingsområde her bør vere stønad til lokale rockeklubbar og konsertscener. Desse bør vere frivillig drivne, men det er samtidig viktig at det offentlege legg dei økonomiske tilhøva best mogleg til rette.

Difor må ein styrkje dei statlege stønadsordningane for konsertscener, øvingslokale og musikkverkstadar, og løyvingskompetansen innan denne sektoren bør overførast til regionale kompetansesentra.

Janne Sørum

Kontaktpersonar:
Janne Sørum,
leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre
Tlf 97 07 47 79
e-mail [email protected]

Sven Trygve Haabeth

Sven Trygve Haabeth,
Sogn og Fjordane Unge Venstre
Tlf 93602626
e-mail [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**