Sogn og Fjordane Venstre vil utfordre regjeringa til å opne for at fleire kraftlinjer kan leggast i sjøkabel, jordkabel og tunnel i staden for skjemmande luftspenn. Norske energistyresmakter, med Senterpartiets Olje- og energiminister Terje Riis Johansen i spissen, har til no ikkje funne det "lønsamt" å legge nye kraftleidningar på Vestlandet i kabel på ei einaste strekning.
Venstre forventar at Senterpartiet og dei andre regjeringspartia let omsynet til miljøet bli tillagt langt større vekt enn til no ved utbygging av kraftlinjer gjennom Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane Venstre meiner det hastar med å få ein samla gjennomgang av dagens kraftregime. Dagens regelverk gjer det vanskeleg å krevje bruk av beste tilgjengelege miljøteknologi ved legging av nye linjer, og tek ikkje høgde for verditapet samfunnet får gjennom øydelegging av natur.
Kontaktperson:
Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen