Frivillige organisasjonar betaler i dag store beløp i meirverdiavgift på innkjøpte tenester. Sjølv om det frivillige engasjementet er stort, har organisasjonane i aukande grad trong for fagleg kompetanse på fleire område. Sidan aktiviteten til dei fleste organisasjonar ikkje er omfatta av meirverdiavgiftslova, får dei heller ikkje refusjon eller frådrag for avgifta for innkjøpte tenester. Utøvarar av liberale yrker som yter gratis tenester til frivillige organisasjonar, må i dag sjølve betala meirverdiavgift av dette.
Venstre i Sogn og Fjordane meinar at meirverdiavgift på slike tenester må opphevast snarast slik at frivilligheita, idrettsbevegelsen, foreinings- og organisasjonslivet, ja i det heile våre kulturaktivitetar, kan få betre kår i samfunnet vårt.
Kontaktperson:
Torbjørn Kolaas,
fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre
mobiltlf 905 00 733