Fylkesårsmøte 2009 i Førde

Sogn og Fjordane Venstre sitt årsmøte vart halde laurdag 17. og søndag 18. januar på Rica Sunnfjord Hotell. Årsmøtet hadde besøk av stortingsrepresentantane Trine Skei Grande, Odd Einar Dørum og vår eigen renominerte Gunvald Ludvigsen. Astri Taklo er styremedlem i fylkesstyret og vart under årsmøtet valt til leiar i redaksjonsnemnda for politiske fråsegner.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

 Leiar i redaksjonsnemnda for poltiske fråsegner

Leiar i redaksjonsnemnda for poltiske fråsegner

Følgjande politiske fråsegner vart vedtekne av årsmøtet til Sogn og Fjordane Venstre:

Ja til kabling av nye høgspentlinjer!
Samferdsleløft for verdiskapingsfylket!
Sats på ungdomskultur!
Ein samla politikk for havområda
Ikkje belast frivillig innsats med meirverdiavgift!
Fisk framfor olje — vent med seismikkskyting!

I tillegg vedtok årsmøtet at fylkesstyret skulle sende politisk fråsegn om krigen i Gaza.

 Fylkesleiar Torbjørn Kolås

Fylkesleiar Torbjørn Kolås

Fylkesstyret er samansett slik i 2009:

Leiar Torbjørn Kolås, Gulen
1. nestleiar Eva Ramstad, Sogndal
2. nestleiar Svenn Øvrebø, Askvoll
Styremedlem Sveinung Rotevatn, Eid
Styremedlem Astri Taklo, Leikanger
Styremedlem Kåre Jarl Langeland, Bremanger
Styremedlem Vigdis Tonning, Jølster

Varamedlemmer:
1. Siv Kristensen, Hornindal
2. Morten Holmberg, Vik
3. Marianne Øren, Lærdal
4. Gunhild Berge Stang, Askvoll

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**