Toppkandidatane til Sogn og Fjordane Venstre

Toppkandidatane til Sogn og Fjordane Venstre er Gunvald Ludvigsen frå Eid, Bjørg Mikalsen frå Florø på andre plass og nr 3. Janne Sørum, Leikanger. Gunhild Berge Stang, frå Askvoll har plass nr. 4.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

 Janne Sørum, Gunvald Ludvigsen og Bjørg Mikalsen

Janne Sørum, Gunvald Ludvigsen og Bjørg Mikalsen
Foto: Linda Ness Rotihaug

Gunvald Ludvigsen er 59 år, og vår stortingsrepresentant. Han gjekk ved førre val frå funksjonen som ordførar i Eid kommune til å bli Stortingsrepresentant. Ludvigsen er medlem av Stortinget sin helse og omsorgskomité og har gjort ein god jobb for Venstre og Sogn og Fjordane.

Bjørg Mikalsen, 63 år, lektor på Flora vidaregåande skule, bur i Florø. Har vore politisk aktiv i 30 år, er framleis med i kommunepolitikken i Flora. Bjørg har i denne stortingsperioden møtt fleire gonger på Stortinget som vara for Gunvald Ludvigsen.

Janne Sørum, 25 år, student, kjem frå Leikanger. Janne har vore politisk aktiv i fleire år og er leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre. Ho er også fast spaltist i Sogn avis.

Gunhild Berge Stang, 34 år, har hovedfag arkeologi frå universitetet i Bergen. Ho arbeider som rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga. Er i dag leiar i Noregs Ungdomslag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**