I 2009 har Statens vegvesen budsjettert med 5,7 milliardar kroner i inntekter frå vegar med bomavgifter. Av dette er bomselskapa sine utgifter på over 13 %, altså om lag 750 millionar kroner til administrasjon og ikkje til vegbygging. Administrasjonsutgiftene må reduserast kraftig!
Venstre krev følgjande samferdsletiltak i ny Nasjonal Transportplan for å sikre auka verdiskaping og vekst i Sogn og Fjordane:
– Opprusting av E39 med gul stripe gjennom Sogn og Fjordane, ferdigstilt innan 2015
– Utbetring av "flaskehalsar" på vegnettet for tungtrafikken, slik som tunnelane på Rv 15 Strynefjellet, Rv 60 Olden-Innvik, Rv 61 ved Nave, Rv 609 og E16 Borlaug-Oppland grense
– Oppstart av ferdig planlagde større prosjekt på riksvegnettet i 2009.
– Samanhengande utbygging av Rv 614 Florø-Svelgen-Måløy med kort ferje over Nordfjord med ekstraordinær finansieringspakke i tråd med planane frå næringslivet i regionen
– Bygging av Stad Skipstunell i neste stortingsperiode
– Kraftig auking av satsinga på utbetring av hamner og farleier
– Sterk opptrapping av løyvingane til trafikktryggleikstiltak som gang- og sykkelvegar og rassikring
– Perioden ein kan nytta ferjeavløysingsmidlar må aukast frå 15 til 30 år.
– Handling for Atløysambandet
Kontaktpersonar:
Torbjørn Kolås, Fylkesleiar Sogn og Fjordane Venstre, tlf 905 00 733
Gunvald Ludvigsen, Stortingsrepresentant, tlf 480 91 488